Det var ingen andre passasjerar i bilen då ulykka skjedde. Haugen etterlet seg ein sambuar.

Arne Sigurd Haugen har vore aktiv spelemann sidan fyrst på 70-talet. Han var medlem i fleire grupper, mellom anna Knut Halvards og sidan fast gitarist for Honndalstausene, Hallingdal Kraftlag og Sven Nyhus kvartett. I nokre år var han også aktiv i organisasjonslivet: Saman med spelemennene Øyvind Brabandt og Knut Fauske var han med på å starte Hallingdal Juniorspelemannslag, seinare Hallingdal Låtelag. Haugen har også vore leiar både for Ål spel- og dansarlag og Buskerud Folkemusikklag.

Frå 1986 til 1989 var Arne Sigurd Haugen ansvarleg for Den norske Folkemusikkveka i Ål, saman med Arne Moslåtten. Han var også ein av forfattarane bak læreverket ”Kvint og Kvart”, ei lærebok i folkemusikk for grunnskulen i Buskerud.

Arne Sigurd Haugen var komponist og tekstforfattar på tre av platene til Hellbillies, der to av brørne, Lars Håvard og Aslag Haugen, spelar. Han deltok på heile 18 plateinnspelingar og var nominert til Spellemannprisen tre gonger.

I tillegg til musikar og komponist var Arne Sigurd Haugen kjent journalist og redaktør. Frå 2005 til 2008 var han sjefredaktør og dagleg leiar for Nynorsk Pressekontor, seinare journalist i same bedrifta. Han var tidlegare vaktsjef, nyheits- og nettredaktør i Nationen i perioden 1993 til 2002. Haugen har også arbeidd som journalist i Drammens Tidende/Buskerud Blad, Fremtiden, Dagbladet og VG. I 2008 vart Arne Sigurd Haugen tildelt Nynorsk Redaktørpris frå Mediemållaget.