Folkemusikkscena på Rauland kom i gang i 2004 som eit samarbeid mellom Spelemannslaget Falkeriset, Rauland Folkeakademi, Institutt for Folkekultur ved Høgskolen i Telemark, Vinje Kommune og nettverket Den Norske Folkemusikkscena. Hausten 2009 vart scena stifta som eigen friviljug organisasjon. Folkemusikkscena på Rauland har ein visjon om å vera ein god og attraktiv konsertarena som kan gje gode opplevingar for både utøvarar og publikum.


Folkemusikkscena på Rauland vil:

  • arbeide for formidling og vidareføring av den tradisjonelle, norske folkemusikken.
  • presentere nye, dagsaktuelle, grensesprengande og sjangeroverskridande uttrykk.
  • ha eit variert program der kunstnarleg kvalitet er eit stikkord.
  • vera eit forum som kan presentere tradisjonsmusikk frå andre land.
  • vera ein regional aktør i oppbygginga av eit formidlingsnettverk innan sjangeren.
  •  

Kontakt:
Per Åsmund Omholt

Per.omholt@hit.no

48 21 69 08