Om LfS
Landslaget for Spelemenn (LfS) er landets største folkemusikk- og danseorganisasjon. LfS har nær 5000 medlemmer og har om lag 150 lokal- og fylkeslag over heile landet. LfS driv mange store tiltak, arrangement og festivalar, som t.d.: Landskappleiken, Landsfestivalen, Spelemannsbladet, Folkemusikkscena og Folkelarm og vi delar kvart år ut "Norwegian Folk Music Award - Folkelarmprisane" til dei beste folkemusikkplatane.
Vidare er lokal- og fylkeslag i LfS drivkraft og eigarar bak mange av dei største folkemusikkfestivalane i landet, slik som t.d. Førdefestivalen og Jørn Hilme-stemnet, samt sommarkursa Mokurset, Strunkeveko og Ungfolk. Lokallaga står elles for eit tusentals kurs-, opplærings- og øvingskveldar, over heile landet. Tradisjonskunnskap er viktig, LfS arrangerer difor kurs der medlemmene får høve til å fordjupe seg i ulike tema som opplæring og pedagogikk, tradisjonar m.v. LfS tek også vare på heile spekteret av folkemusikkuttrykk - frå solospelemenn og songarar til runddanstradisjonane og den nyskapande folkemusikken. Vidare har LfS vore ein drivkraft i arbeidet for å få oppretta formelle utdanningstilbod i folkemusikk, slik som vidaregåande skuler og høgskuler.
LfS er bygd opp av medlemslag, men vi arbeider også for artistane, og så godt som alle dei mest profilerte folkemusikkartistane i Noreg er medlem. LfS arbeider for betra vilkår for dei som skal leve av folkemusikk, og har frå hausten 2005 arrangert Folkelarm, eit stort bransje- og yrkestreff for folkemusikarar, der kjøparar av folkemusikk skal få møte artistane våre. Her blir det også plass til utdeling av ein sjangerpris innan folkemusikk. LfS har også i mange år arbeidd med rettigheitsspørsmål knytt til folkemusikk. Vidare arbeider LfS for å auke statusen - og offentlege løyvingar til folkemusikkformål.