Majorstuen var på utflukt til den spektakulære pyramidebyen Theotihuacan då dei vart beordra tilbake til hotellet. Musikarane vert bedt om å halde seg inne, og må spesielt unngå stader der det er mykje folk samla.

Dei norske tradisjonsmusikarane vart godt mottekne av eit entusiastisk mexicanske publikum under konserten torsdag, og avslutta til trampeklapp.  Dei to avlyste konsertane skulle spelast på store utearenaer som tar opp til 10.000 menneske  – Det er veldig synd at vi ikkje får gjere dei to andre konsertane, seier Andreas Jones i Majorstuen. Dette er ein gyllen mulighet til å marknadsføre norsk musikk i Mexico, men no forsvinn mykje av effekten på grunn av influensautbrotet.

Ollin Kan vurdere no om det er mogleg å sende musikarar til andre byar i Mexico for å gjere konsertar der. Majorstuen vil sannsynlegvis spele i Cuernavaca søndag 26.april, ein by som ligg om lag 100 km sør for Mexcio City.

Les meir:
Norske folkemusikksterner sitter fanget av svineinfluensaen

Sperra inne på hotell i Mexico