- Stiftelsen Norsk Kulturarv tar vare på fortida for framtida. ”Vern gjennom bruk” er vårt motto. Gjennom aksjonar, medlemsarbeid, reiselivsutvikling, rådgiving og fagpolitisk støtte til eigarar av kulturminne er vi på banen for å sikre den norske kulturarven gjennom aktiv bruk, skriv Stiftelsen Norsk Kulturarv på sine heimesidar.
Dei legg vidare vekt på inspirasjon, oppleving, kunnskap og identitet somviktige verdiar. Stiftinga meiner at slike verdiar kan best førast vidare gjennom aktiv næringsutvikling med kulturarven som produktgrunnlag.
Som eit synleg symbol på denne kulturarven delar Stiftelsen Norsk Kulturarv ut heidersmerket Olavsrosa.
Landskappleiken fekk dette kvalitetsmerket i 2008. I grunngjevinga for tildelinga heiter det:
”Landskappleiken ved Landslaget for Spelemenn er tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for bevaring av ein immateriell folkekultur av song, musikk og dans.”
Olavsrosa skal fylgje arrangementet kvart år; og er no på plass i Seljord. Her skal Landskappleiken gå av stabelen frå 29.juni til 3.juli.
- Innehavarar av kvalitetsmerket Olavsrosa har ein sterk profil i formidlinga av norsk kulturarv. Mottoet "Olavsrosa – våre beste opplevingar" stiller høge krav til produktkvalitet og vedlikehald av denne kvaliteten. Tildeling av Olavsrosa skjer etter ei streng kvalitetsvurdering, skriv Norsk Kulturarv.
I det heile er Norsk Kulturarv opptatt av å fortelja "historia om Norge".
- Dette gjer vi best gjennom den personlege overleveringa i ekte miljø. Kulturarv er meir enn museum. Berekraftig bruk er ein viktig føresetnad for levande kulturarv. Ikkje minst betyr dette ei sterk satsing på reiselivsopplevingar med basis i kulturarvprodukt over heile landet.
Også Peer Gynt-stemnet på Vinstra i Gudbrandsdalen, Jørn Hilme-stemnet i Valdres, Rørosmartnan og Seljordutstillinga har fått tildelt Olavsrosa. I vurderinga er det lagt vekt på den kulturhistoriske verdien til arrangementa, korleis denne er teken vare på og korleis produktet er gjort tilegjengeleg.
Interesserte kan lese meir om Olavsrosa og Norsk Kulturarv på denne heimesida. Du finn som vanleg heimesida til Landskappleiken på denne lenka. På denne sida frå FolkOrg finn du ei liste over vinnarar av Landskappleikar i spel, dans og kveding frå i dag og tilbake til 1896.