Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Økland, Nils

Foto | Lars O Flydal

Foto | Lars O Flydal Foto: Lars O. Flydal

Musikar og komponist, født 1961 i Haugesund

Oppsiktsvekkjande felespelar (hardingfele,fiolin,viola d,amore) som jobbar i gråsonen mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk. Nils Økland var musikalsk leiar ved Ole Bull Akademiet i seks år. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i dei fleste europeiske land og hatt fleire turnear for Rikskonsertane. Han har urframført verk for solo hardingfele og med orkester, i tillegg til at han også komponerer mykje av sitt eige konsertrepertoar. Han har skrive musikken til skodespelet Melancholia, som er basert på Jon Fosse sine romanar Melancholia I og II, og som blei sett opp på Haugesund Teater,Rogaland Teater og Det norske Teateret og forstillinga Horisonter basert på Kolbein Falkeids dikt ved Haugesund teater(2006). Har også laga filmmusikk, ballettmusikk og bestillingsverk for Osafestivalen, NRK, Sildajazz og Rikskonsertane. Økland har kome med tre soloutgjevingar, debutplata Blå Harding, og seinare Straum og Bris. Han var med i Løver og Tigre (1983), Balkansamblet (1984), og gjorde i 1986 ei innspeling saman med jazzbassisten Bjørnar Andresen. Han har også vore med i Oslo tangoforening, og er for tida medlem av Christian Wallumrød Ensemble (2001)

 

Diskografi

Nils Økland/Bjørnar Andresen (Hot Club Records, 1986)
Skinn og Bein-Knaus (Hot club records(1989)
Blå harding (morild, 1996)
Straum (Rune Grammofon, 2000)
Bris (Rune Grammofon, 2004)
Ein song frå dei utsungne stunder; BNB Trio (2L, 2005)
Sofienberg variations,Christian Wallurød Ensemble(ECM 2003)
A Year From Easter, Christian Wallumrød Ensemble (ECM 2005)

Medverkande

Hjernen er alene, De Lillos (Universal, 1989)
Money will ruin everything, diverse artister (2003)
Rosa i Botn, Knut Hamre, Benedicte Maurseth og Sigjørn Apeland (Grappa, 2006)
Days of Rage, Salvatore (2007)
 
 

Priser

Nominert til Folkelarmpris 2005 for plata Bris
 
 

Presse/Kringkasting

Ukas P2-artist, NRK P2
Div.tv og radio i Noreg og Europa
Omtale i det engelske musikkmagasinet Wire
 
 

Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk