Statsbudsjettet for 2014 vart lagt fram i dag av den raudgrøne regjeringa. 

- Vår regjering lova at innan 2014 skulle ein prosent av statsbudsjettet gå til kultur. No innfrir me lovnaden. Dette gjev slagkraft og økonomiske musklar til kulturlivet. Det legg eit viktig grunnlag for å gjere kunst og kultur tilgjengeleg for stadig fleire, og å heve kulturen sin status som samfunns- og politikkområde, seier avtroppande kulturminister Hadia Tajik.

Tilskot til to nye folkemusikksenter

I budsjett for 2014 er det framlegg om ei auke på 800 000 kvar i driftstilskot til folkemusikksentra Folkemusikk Nord og til Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans. 

- Stiftinga Hilmar Alexandersen ser med glede at Regjeringa held sine lovnader om oppstartstøtte til Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans. Det er svært gledeleg at også folkemusikken og dansen no får regionale senter, seier dagleg leiar Johan Einar Bjerkem.

Aukingar hjå Norsk kulturråd

17,1 millionar kroner av auken på musikkfeltet går til å styrke dei generelle musikkordningar under Norsk kulturfond, som til dømes publiseringsstøtta og arrangørstøtta. 

- Auken i støtta til arrangørar på det frie feltet viktig. Det er dei som syt for konsertar og arrangement landet rundt, seier kulturminister Hadia Tajik.

Innan dei generelle musikkordningane er det foreslått følgjande endringar: 

  • Tilskotsordninga for musikkfestivalar aukar med 3 millionar, og er no på 45,3 mill. 
  • Publiseringsstøtte for musikkinnspelingar aukar med 2 millionar og er no på 22,1 mill.
  • Tilskotsordning for musikkensemble aukar med over 9 millionar og er no på 40, 3 mill
  • Tilskotsordning  for arrangørar aukar med 5 millionar og er no på 26,7 mill. 
  • Tilskotsordning for musikarar  aukar med litt under 1 million, og er no på 16, 4 mill.
  • Andre formål musikk aukar med om lag 2,9 millionar og er no på 29,7 mill.

Innan dans er det foreslått endringar i desse ordningane:

  • Arrangørstøtteordninga for dans er foreslått utvida til å gjelde heile scenekunstfeltet og styrka med 2 mill. kroner.  
  • Ordninga for basisfinansiering av frie scenekunstgrupper er foreslått styrka med 3,5 mill. kroner. 
  • Tilskotsordning for fri scenekunst – teater og dans foreslått styrka med 4 mill. kroner.
  • Ordninga for utvikling av regionale dansemiljø er foreslått styrka med 1 mill. kroner.


Aukingar til Førdefestivalen, Riksscenen og Ole Bull-akademiet

Tilskotet til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vert foreslått auka med omlag 1,1 mill kroner, der 150 000 kroner er knytt til grunnlovsjubileet i 2014. Festivalen mottek no 6, 5 millionar frå statleg hold.  Kulturdepartementet skal i løpet av hausten og våren 2014 gjennomføre ei evaluering av festivalen, i samsvar med St.meld. nr. 10 (2007– 2008) Knutepunkt.

Tilskotet til Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans er foreslått auka med omlag 1 mill. kroner, der 150 000 kroner knytt til grunnlovsjubileet i 2014. Løyvinga til Riksscenen er med på totalt 24,5 millionar. 

Tilskotet til Ole Bull Akademiet er foreslått auka med 1,1 mill. kroner.
 

Fleire arbeidsstipend

Det blir foreslått 53 nye stipend for etablerte kunstnarar og seniorkunstnarar. Til dette blir det sett av 13,8 millionar kroner, av desse er 4,5 millionar kroner friske pengar. 

Arbeidsstipend er den ordninga som mottek flest søknader. Regjeringa foreslår at stipendet blir auka til 205 000 kroner og at det blir sett av pengar til 471 ordinære arbeidsstipend til kunstnarar for 2014, ein auke på 18 stipend frå 2013. I tillegg blir det foreslått 23 ekstra eittårige stipend som ei overgangsordning i 2014.

Momskompensasjonen aukar

Regjeringa foreslår å auke momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar med 252 millioner kroner til totalt 1,2 milliardar kroner.

- Momskompensasjonsordninga gjer at organisasjonane kan bruke meir av tida på frivillig aktivitet. Vi er no i mål med den største satsinga på frivillig sektor over statsbudsjettet nokonsinne, seier kulturminister Hadia Tajik.  

Tilskotsordninga for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar blei etablert i 2010 med ei løyving på 396 millionar kroner. I 2012 mottok over 16 000 foreiningar og lag momskompensasjon. Ordninga har vore viktig for å betre rammetilhøva for lokale lag.

Ordninga skal kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift når dei  kjøper  varer og tenester. Ordninga er enkel: Organisasjonane søkjer, men rapporterer ikkje om bruken av midlane.

FolkOrg kjem tilbake med meir om statsbudsjettet 2014. 

> Her finn du statsbudsjettet for kulturdepartementet