Noregs ungdomslag har vald Kristian Fjellanger til ny styreleiar for organisasjonen. Fjellanger er 31 år og kjem frå Lindås i Hordaland.

Fjellanger seier i ei pressemelding at  han gler seg til å ta fatt på arbeidet som leiar i Noregs Ungdomslag, og at det er med stor audmjukskap han vil leie denne tradisjonsrike og store organisasjonen".

Fjellanger har lang fartstid i organisasjonen, både som medlem, tillitsvald og tilsett.

- Eg er særskild oppteken av at me skal være ein raus og inkluderande organisasjon, seier Fjellanger. Noregs Ungdomslag har saman med Det Norske Teateret satt i gang prosjektet ”Den mangfaldige Scena” som har som mål å skape nye kunstnarlege utrykk der både tradisjonelle utrykk og ”nye kulturutrykk” vert blanda saman.

- Eg har stor tru på at arbeid med kultur er heilt vesentleg for integrering og samhandling i Noreg, der er gjennom slik at arbeid at ein får forståing av andre menneske sin bakgrunn og bagasje, ikkje gjennom eit unyansert og sensasjonsprega mediebilde, seier Fjellanger.

– Med alle våre 400 ungdomshus rundt omkring i landet, er me eit knutepunkt i mange bygder og me har eit ansvar for at alle menneske skal ha like moglegheiter til å delta. Det skal vere lett å være med i ein aktivitet i Noregs Ungdomslag avsluttar Kristian Fjellanger

Ny generalsekretær

Eli Ulvestad frå Vatne på Sunnmøre er samtidig tilsett som ny generalsekretær i kulturorganisasjonen Noregs Ungdomslag.