Ellen Bojer Nordstoga

Ellen Bojer Nordstoga er fødd i 1941 i Rauland, oppvaksen på Hedmark og busett i Vinje i Telemark. Ho er kvedar, dansar, pedagog, kulturformidlar og arrangør. Som utøvar har ho medverka på fleire plate- og bokutgjevingar, og ho har også i  fleire år vore distriktsmusikar i Telemark. I tillegg har ho vore aktiv i både Telemark Folkemusikklag og Norsk Folkemusikk- og Danselag. Ellen er også entrepenør; heime i Vinje har ho bygd opp kultursenteret Mjonøy.

Framfor alt er ho ei brennande eldsjel som har lagt ned eit enormt arbeid for folkemusikken og folkedansen lokalt, regionalt og nasjonalt: i Vinje, Telemark og landet i sin heilskap! Ho er langt i frå skuggeredd og har eit pågangsmot som svært få kan måle seg med. Med ei imponerande gjennomføringskraft får ho ting til å skje. Ho er både ein igangsetjar og ein driftar - ein draumar og ein arbeidar!

Med eit pågangsmot og engasjement heilt utanom det vanlege har Ellen Nordstoga synt oss at det er mogleg å få til noko mot straumen. Men, ho har også synt oss at det er mogleg å skape sjølve straumen. Gjennom innsatsen hennar er ho sterkt medverkande til at ein heil generasjon har fått kjennskap til, kunnskap om og glede av folkemusikk- og -dansetradisjonane i Vinje og Vest-Telemark.

For arbeidet ho har gjort for rekrutteringa til folkemusikken og folkedans er formidabelt og unikt. Ho har vore ei heilt sentral kjelde og pedagogisk drivkraft i opplæringa innan folkemusikk og folkedans i Telemark. Gjennom hundrevis av kurs opp igjennom åra har folk lært seg å danse springar, gangar og ikkje minst lærd seg å kvede av Ellen. Fleire og fleire gjekkpå kursa hennar, og i ein periode kunne ein få inntrykk av at omtrent alle var folkemusikarar eller dansarar i Vinje. 

Men ho arrangerte ikkje berre kurs på og i fritida, ho fekk til og med kveding og dans inn i skulen i Vinje. Slik har feire generasjonar songarar og dansarar nytt godt av Ellen si genuine og oppriktige forteljar- og formidlingsglede. Bak kjende namn som Arve Moen Bergset, Ingebjørg Harman Bratland, dei ikkje heilt ukjende sønene Odd og Aasmund og ein heil generasjon med utøvarar,  står Ellen Nordstoga som ei stor kunnskaps- og inspirasjonskjelde og som ein mentor å støtte seg til.

Mange liner i folkemusikk-Noreg fører tilbake til Ellen Nordstoga. Alle dei dugnadstimane ho har lagt ned, formidlingsgleda og kunnskapen hennar har sett og set framleis djupe spor etter seg. Engasjementet, humøret, og stå-på-vilja er til inspirasjon for alle oss som driv med folkedans og folkemusikk rundt om i landet.  Ho er eit døme som me andre kan og bør følgje.

 

Ruth Anne Moen

Ruth Anne Moen er fødd i 1950, vakse opp på Strømmen i Akershus. Ho har hovudfag i musikkpedagogikk, med hovudfagsoppgåve om folkemusikkformidling. I tillegg har ho mellomfag i dansevitskap. Tidlegare har vore lærar i grunnskule og musikkskule og undervist  i både hardingfele, langeleik, kveding og klaver. Sidan 1986 har vore tilsett som konservator ved Folkemusikkarkivet for Rogaland; eit arkivet ho har vore med å bygge opp heilt frå  botnen av.

Arbeidet med å opprette arkivet starta allereie i 1983, men det var ikkje før i mars 1992 at det nye folkemusikkarkivet vart ein realitet. Sidan den gong har Ruth Anne samla inn og arkivert ei mengd opptak av song, spel og dans frå regionen, og såleis vore ein heilt sentral faktor for at tradisjonen i området er dokumentert og vidareført og formidla til noverande og kommande generasjonar.

Ho har stått for eit omfattande innsamlingsarbeid av tradisjonsmateriale i regionen. Men ho har ikkje berre samla det inn og arkivert, ho har også formidla det gjennom bokutgjevingar, artiklar og andre utgjevingar og kurs. Bak seg har ho ei rekkje bokutgjevingar som tek for seg tradisjonsstoff frå Rogaland, og i fleire av desse høyrer det med pedagogiske og tilrettelagte opplæringsopplegg og lytteeksempel. Gjennom seminar, konsertar og kurs i alt frå spel, song og dans har vore ei svært viktig brikke i opplæringa av born og unge i regionen.

Men Ruth Anne har også engasjert seg utover fylkesgrensene til Rogaland. Ho har hatt ei aktiv rolle som organisasjonsmenneskje i mellom anna Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Kvedarforum og som formann i Norsk Folkemusikklag sin skriftserie. I tillegg har vore aktiv i prosessar i tidlegare Landslaget for Spelemenn, der ho mellom anna var aktiv i etableringa av det me no kjenner til som Folkelarmprisen, og ho har vore dommar på Landskappleiken i vokal folkemusikk. Eit av dei siste prosjekta ho var i gong med var opplæring i arkivdrift i Tanzania. Dette syner at ho er ein person som ikkje berre evner å tilegne seg kunnskap, men også har eit brennande ynskje om å dele på og gje av den kunnskapen ho sit inne med.

Ruth Anne er ein engasjert formidlar, med eit ønskje om å nå ut. Ho er ei eldesjel, ein primus motor, ein pådrivar for utvikling og ikkje minst ein inspirator for alle som driv med folkemusikk – og dans i regionen, men òg på feltet generelt. Songarar, dansarar og spelemenn i regionen har mykje å takke Ruth Anne for. Både for det arbeidet ho har lagt ned for folkemusikken, kjeldekunnskapen ho sit inne med, men ikkje minst det personlege og brennande engasjementet ho har synt oss.

Ho har sett folkemusikken i system og inn på arkiv, men formidla den ut igjen gjennom eit imponerande, mangfaldig, grundig og engasjert formidlingsarbeid.  Mange har lært seg  og blitt kjend med folkemusikk og –dans frå Rogaland gjennom Ruth Anne Moen, og mange har gjennom henne vorte stolt av og glad i denne tradisjonen.