Sjå fullstendig resultatliste frå tevlingane torsdag her!
I løpet av dagen har det vore tevla i klassene Dans senior og junior og i Lagspell. Til saman 45 dansepar deltok i dansetevlinga. I klassa for lagspell deltok 20 lag.
Same kvelden vart det arrangert finalar i dei nemnde klassene. Dei som gjekk vidare til finalane var:
Dans, senior:
- Ingebjørg og Bjørn Sandum
- Eva Rusten og Håkon Sandum
- Rolf Bjørgan og Anne-Grete N. Bjørgan
- Trygve Auale og Randi Rust
- Egil og May-Lise Engebretsen
- Elin Romenstad Bjørnsmoen og Stil Nilssen
Berre eitt dansepar deltok i juniorklassa.
Lagspell:
- Gamlebanken spelemannslag
- Mukampen spelmannslag
- Lom spelmannslag
- Sør-Fron spelemannslag
Mykje underhaldning
Nytt av året var tevling i gamaldans. Til saman 45 par deltok i klassen. Styreleiar i FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, Maria Høgetveit Berg seier klassen truleg har komen for å bli.
- Tevlinga var ei prøveordning i år, men inntrykket så langt er berre positivt. Klassa var veldig underhaldande. Eg likte settinga med mange par på dansegolvet, og med dommarane oppe på tribunen. Eg har sjølv vore dansedommar og meiner dette var ein naturleg og inspirerande måte å døme dans på.
- Fleire dansarar dansa saman i innleiande kvalifiseringsrundar. Kva meiner du om det?
- Supert. Det var lett å samanlikna dansepara opp mot kvarandre, og sile ut dei som skulle vidare til finalen. Kan hende bør ein teste ut denne tevlingsforma også på landskappleiken.
- Interessant. Er det ynskje i dag om å lage noko liknande på landskappleiken?
- Dette kan vi iallfall drøfte. Eg vil ikkje kome med noko bastant meining om dette no, men det er ein spennande tanke – iallfall når ein ser kor vellukka og ikkje minst underhaldande dansetevlinga var her på Oppdal, avsluttar Berg.
Resultatet frå finalespelet og finaledansen blir gjort offentlege laurdag kl. 18.00.
Folkemusikk.no kjem attende med meir informasjon frå Landsfestivalen.