- Vi er godt nøgde med resultatet, fortel dagleg leiar Linda Dyrnes.
- Målsetjinga då vi sette i gang var at FolkOrg skulle stå fram med ein visuell profil som har rom for mangfaldet i organisasjonen vår. Den nye profilen tydeleggjer kven vi er, og kva vi driv med.
Det er designbyrået Provinsen i Fredrikstad som har utvikla profilen, i tett samarbeid med FolkOrg. Det vert ei markering av den nye profilen på Riksscenen I Oslo, torsdag 29.november, kl. 20.
Det skjer i samarbeid med Folk på torsdag, som denne kvelden byr på konserten “Hyljarhildring – musikk av Hans W. Brimi”. Hit kjem også nokre av dei aller beste spelemenn i landet.
FolkOrg er organisasjonen for folkemusikk og danselag i Noreg. FolkOrg har 5000 medlemer over heile landet, og omlag 150 lokale spel- og danselag.
- Vi arrangerer Landskappleiken, Landsfestivalen og Folkelarm, samt kurs og seminar. Vi gjev også ut bladet Folkemusikk, og arbeider for utøvarar og arrangørar på alle nivå innan folkemusikk og – dans, fortel Dyrnes.
- FolkOrg er ein organisasjon som er trygg på sin kunnskap og arv, samstundes som han er framtidsretta, open og inkluderande, seier ho.
FolkOrg vart etablert i 2009, på tuftene til tidlegare Landslaget for Spelemenn (stifta 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987).
Det vert servert forfriskingar under tilskipinga på Riksscenen, samstundes som både Provinsen og administrasjonen i FolkOrg vil vere til stades.
Konserten “Hyljarhildring” kan du lese meir om her. På denne sida kan du sjå nokre av dei tidlegare arbeidene til Provinsen, som m.a. har lagd visuelle profilar for Det Norske Blåseensemble, IntroFolk, Østfold Teater og Kringler Gjestegård.