Av Torunn Raftevold Rue, Seljordkappleiken 2011
Landskappleikdeltakarane og publikum i sommar fekk oppleve flotte kappleiksdagar med gode prestasjonar og hyggjeleg stemning i Seljord. Tonane til kongepokalvinnar Ottar Kåsa kan ein enno ane mellom fjella. Stemninga frå ein fullsett idrettshall med den fantastiske Kivlemøylogoen laga av vår eiga Borghild Telnes sit enno både i hugen og på netthinna!
I Seljord ser det ut til at Landskappleiken kan gå med eit bra overskot. Det er avgjort at eit eventuelt overskot skal gå til rekruttering og aktivitet innan folkemusikk- og folkedansfeltet i Seljord og omegn. Dugnadsinnsatsen var enorm, og me er sjølvsagt svært takknemlege for alt arbeidet som vart lagt ned og som gjorde Landskappleiken 2011 til eit heilt fantastisk arrangement.
Men me sit ikkje med “armane i fanget”, for me har kvilt oss ut etter Landskappleiken – og no er det klart for haustens trivelegaste kappleik: Seljordkappleiken 2011 på Granvin kulturhus i Seljord!
Helga etter Dyrsku’n er det klart for Seljordkappleiken; tradisjonell kappleik med tevling i alle klassar. Også i år kan ein førehandspåmelde seg på nettet via www.paamelding.folkemusikk.no/.
Me håpar mange vil nytte seg av dette. Då vil me som arrangørar kunne setje opp ei grei og variert rekkjefølgje for publikum. Elles er det sjølvsagt mogleg å melde seg på innan kl 15 kappleiksdagen.
Det er fleire flotte vandrepremiar som me kan takke næringslivet i og rundt Seljord for. Støtta frå kommunen, det lokale næringslivet og privatpersonar set me stor pris på.
Publikum kan elles sjå fram til flotte prestasjonar på kappleiken og ein hyggjeleg kveld i gamlesalen på Granvin med fantastisk bra dansespel med dyktige spelemenn! Granvin byr på god mat, nok mat og drikke i ulike variantar.
Litt endring frå tidlegare år er det sidan vi ikkje har kapasitet til å arrangere konsert i år.
Vi kjem sterkare tilbake neste år med både konsert og kappleik helga etter Dyrsku’n.
Seljord spelemannslag og Seljord og Kviteseid leikarring er trufaste arrangørar.
På denne lenka kan du lese meir om Landskappleiken 2011. Du finn også ein rekkje artiklar i nyhendearkivet til Folkemusikk.no. Om du vil melde deg på Seljordkappleiken i forkant, er det berre å gå hit.