Tindra er Åshild Vetrhus frå Suldal, Jorun Marie Kvernberg frå Fræna/Volda og Irene Tillung frå Voss/Oslo.
"Moder Norge" (Ta:lik) har fått gode meldingar fleire stader, der vi her saksar frå platemeldinga på nettstaden Groove.no:
"Tindra er i tradisjonen, og dei har respekt for tradisjonen, men dei gjer den på sin måte. Dei spelar tonar som har luft under seg. Stundom nennsamt, ja nesten heilt sakralt. Stundom friskt og frodig, på lag med det gode humør. Stundom knirkande, gnagande, med sikt mot eit mørkt kvarter (...) Ei mangslungen plate frå ein trio som tar eit friskt grep i tradisjonen, og gjer den til sin. På eit slikt vis at den kjennes relevant, i dag, og sikkert i morgon også."
Her kan du høyre Tindra i denne runda:
- 19. september: Columbi Egg, Bergen
- 21. september: Volda Omsorgssenter
- 23. september: Frænatunet, Elnesvågen (Romsdal Mållag)
- 24. september: Vestre Åmøy Grendahus, Rennesøy (Rennesøy kommune)
- 25. september: Madlamark kyrkje, Stavanger (Madlamark menighet)
- 28. september: Josefine Visescene, Oslo
Hos Columbi Egg kan vi i høve måndagens konsert lese følgande: "En av Vestlandets kringreisende kulturskatter vet å lage fargerik musikk med stor fingerspitzengefühl. De vet også å formulere seg: Når songen, fela og trekkspelet smeltar saman er Tindra eitt, og søte, særeigne, smakfulle, smygande, slaskete og svingande tonar og tekster blir formidla med stor overtyding. Dermed er det meste sagt."
Forbandet på Columbi Egg, Stein og Mari, blir elles omtala slik:
"Dei er kanskje en av landets mest spennende duoer. Normalt leker Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim seg på ymse vokale og elektroniske roteloft, men på Columbi Egg tar de utgangspunkt i akustisk amerikansk folkblues fra 1930-årene med musikk av mestrene Skip James, Memphis Minnie og Mississippi John Hurt. Med seg har de slidegitar, kazoo, harpeleik, munnspill, langeleik og diverse andre instrumenter."