Det var TONO som sa opp og ville reforhandle den førre avtalen. På vegne av alle medlemsorganisasjonane, Norges Musikkorps Forbund og Norges Korforbund har Norsk Musikkråd gjennom eit eige utval forhandla fram ei rammeavtale gjeldande for alle. Avtala som vart forhandla fram, føresette at alle medlemsorganisasjonane godtok den.

Det tok forhandlingsutvalet over eit halvt år med aktive forhandlingar få kome fram til ei løysing dei mente var god for alle. Målet var å få til ein felles avtale som skulle gjelde for heile feltet for å unngå forskjellsbehandling og for å lage ein enkel, oversiktleg TONO-avtale. Utfordringa var å finne fram til ein rimeleg avtale som skulle dekke både alle dei mange konsertane utan billettinntekter, og dei få «store konsertane» med høge billettinntekter. Utvalet seier seg svært godt nøgd med den nye avtalen.

Avtala vart dobbel så dyr som den førre avtalen, og for 2009 betalar LfS ei avgift på kr. 92 000. Avtala gjeld berre konsertar med brutto billettsal på opp til kr 50 000 pr konsert, evt maks 500 publikummarar dersom det ikkje blir kravd billett. For dei arrangement som ikkje er omfatta av avtala, skal det betalast eit vederlag med 3 % av brutto billettinntekter, minimum kr 2 pr besøkande.

Dei fleste konsertane har få eller ingen billettinntekter som det berre skal betalast standard minstesats for. Nokre få konsertar har høge billettinntekter, og for desse skal det nå betalast ein liten del av billettinntektene til TONO. Dette skal gjerast både av rettferdigheitomsyn (konsertar der det kjem mange besøkande som betaler, skal gje meir pengar til den musikken som blir spelt på desse konsertane), og for å halde prisen nede på mylderet av vanlege konsertar i det frivillige musikklivet.

Avtala slik ho er no, gjer det mogleg å gjere justeringar og oppdateringar kontinuerleg, og i alle fall ei hovudoppdatering i året.

 

Vederlag for fri musikk

Det kan verke urettferdig at det skal betalast inn så mykje TONO-avgift for musikk som er fri og utan opphavsperson. Er først musikken fri, er han fri om det er 10 eller 1000 publikummarar. Forhandlingsutvalet tok nettopp dette poenget med som eitt av mange argument for å få ein så god avtale som mogleg.

Eksempla på musikk som er fri, er mange; Tradisjonsmusikk, improvisasjonsmusikk (innan mange forskjellige sjangrar), klassisk musikk som har vorte fri, rockeband for unge musikarar som enda ikkje er registrert etc. TONO på si side peikar på at sjølv om musikken er fri, er det ofte ein arrangør inne i biletet som skal ha betalt.

TONO innrømma overfor utvalet at dei gjennom avtalen også krev inn vederlag for musikk som er fri. Forhandlingsutvalet presiserer likevel at dette gjerast av følgjande grunnar:

  • Forenklingsprinsippet: brukarane skal sleppe å gruble over kva det skal betalast for og ikkje
  • "Billeg pris"-prinsippet. Det at alle konsertane er tatt med bidreg til å gjere prisen for standardkonsertar veldig lav, noko som også gjorde at prisen for store konsertar vart rimeleg, samanlikna med mange andre (kommersielle) aktørar
  • Likebehandlingsprinsippet. Samla sett fekk vi eit mykje betre sluttresultat ved å stå samla enn om forhandlingane hadde vorte differensiert.

 

Rapporteringsplikt

Alle arrangørar pliktar å rapportere fullstendig musikkprogram for alle konsertar som er omfatta av avtalen. Rapport skal sendast fortløypande og uoppfordra til TONO. Ein pliktar å bruke rapportskjema som ligg ute på www.tono.no/kunde

Fullstendig avtale finn du her.