Sidan 2002 har prosjektet Den norske folkemusikkscena bygd opp eit stort nettverk av lokale arrangørar og fått folkemusikk ut på vegen i større og mindre format. FolkOrg er i etableringsfasa som organisasjon. Styret ser på eigen rolle og oppgåver og arbeider for å finne rett plass som interesseorganisasjon. I samband med dette har styret fatta vedtak om at organisasjonen i mindre grad skal vere ein aktiv bransjeaktør, men heller leggje til rette for aktivitet og arbeide interessepolitisk. Organisasjonen får ikkje lenger tilskot til drift av turnénettverket slik prosjektet er organisert i dag. FolkOrg tek difor initiativ til ei ny storsatsing på turné- og konsertverksemd og ønskjer alle aktørane på feltet med i utviklinga av ei slik satsing.

Arrangørsamling på Folkelarm - 9. – 12. september

Under Folkelarm 9. – 12. september arrangerer FolkOrg ei fagsamling for arrangørar, turnéleggjarar, regionale kompetansesenter m.fl. Føremålet med samlinga er å fordele oppgåver og ansvar mellom aktørane på arrangørfeltet og saman etablere ein føremålstenleg struktur som skaper mest mogleg aktivitet. Kva er behova rundt om i landet? Kva for aktivitetar må til og kven bør gjere kva?

Hugs å sette av helga 9. – 12. september til arrangørseminar! Det blir kreativ tenking og masse konsertar. Seminaret tilpassar seg konsertprogrammet for Folkelarm, så du går ikkje glipp av noko. Meir informasjon, program osv. vert sendt ut på e-post når programmet er klart i august.

Vi takkar for samarbeidet med dei som tidlegare var del av nettverket Den norske folkemusikkscena så langt.  Vi ber om at de som var del av nettverket tek kontakt med FolkOrg om de har spørsmål. Det same gjeld om nokon har uoppgjorte saker i samband med konsertar i vår. De som har avtaler for hausten må vi følgje opp. Vi kjem attende med meir info til dei det gjeld.

Har de spørsmål kontakt FolkOrg på
post@folkemusikk.no. Tlf: 22 00 56 22

Har de spørsmål om uoppgjorte saker frå våren 2010 eller spørsmål om avtaler gjort for hausten 2010  kontakt Lene Furuli på
lene@folkemusikk.no.

Har de spørsmål om Folkelarm kontakt Trond Stenseth Moe på
trond@folkemusikk.no


VIKTIG: Økonomisk tilskot til arrangørar


Norsk Kulturråd etablerte i 2009 ei ny tilskotsordning til arrangørar. Det har til noe vore få søknader frå folkemusikkmiljøet. Ordninga har løpande søknadsfrist og de kan søkje til ein sesong eller til fleire år. Jo meir program som er klart jo betre, men alle detaljer treng ikkje vere på plass før de søkjer.

Fond for utøvande kunstnarar gjev også tilskot til konsertarrangørar.

Om de treng hjelp med søknaden kan du ta kontakt med FolkOrg for råd- og rettleiing.
 
Norsk Kulturråd – arrangørstøtte: http://kulturrad.no/fagomrader/musikk/arrangorstotte-rytmisk/

Fond for utøvande kunstnarar FFUK: www.ffuk.no