Jo Asgeir Lie er tilsett i ei åremålsstilling på seks år, med høve til prolongasjon i seks nye år.
Jo Asgeir Lie har hovudfag og praktisk-pedagogiske utdanning frå Norges Musikkhøgskole. Hovudfagsoppgåva Ekte døl var ein biografi og ein studie i eit utval runddanskomposisjonar av spelemannen og komponisten Oddvar Nygaard.
Jo Asgeir Lie har administrativ erfaring både som kulturskulerektor og innan kulturlivet generelt. Han er ein eminent utøvar på akkordeon, og er sentral i folkemusikkgruppa Kvarts, der han også er ansvarleg for Kvarts sitt plateselskap.
Her har han hatt prosjekt- og produsentansvar for alle dei 11 CD-produksjonane gruppa har gitt ut. For to av desse produksjonane har gruppa fått Spellemannprisen. Lie har elles hatt ansvar for ei rekkje større musikkproduksjonar, musikkteater og bestillingsverk for m.a. Vossa Jazz, Den Norske Folkemusikkveka, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Rikskonsertane.
Samarbeidet dei siste åra mellom Kvarts og Kringkastingsorkestret har synt nye mogelegheiter i møtet mellom klassisk musikk og tradisjonsmusikken.
Det var i alt fire søkjarar til stillinga. Jo Asgeir Lie har takka ja til stillinga, skriv Ole Bull Akademiet i ei pressemelding.