www.folkemusikk.no er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. Portalen er basert på dei to organisasjonane sine tidlegare heimesider, og samlar informasjonen som til no har vore på desse sidene til éin nettportal. Målet er at portalen skal fungere som ein samlingsstad og møteplass for alle aktørane innan folkemusikk og -dans i Noreg.

På dei nye sidene finn du mellom anna nytt om folkemusikk og -dans, utøvarkatalog med folkemusikarar og - dansarar, oversikt over dei fleste aktørane innan folkemusikk i Noreg, samt nytt frå organisasjonane og prosjekta dei driv.

Portalen har ei norsk side,  som er knytt til aktivtet innan folkemusikk og -dans i Noreg, og ei internasjonal side som er knytt til norske folkemusikarar og - dansarar sin aktivitet internasjonalt, samt viktige hendingar i Noreg. Du kjem til den engelske sida ved å trykke på flagget øvst til venstre.


Portalen er framleis under utvikling, og noko arbeid står igjen. Mellom anna er ikkje utøvarkatalogen frå www.folkogdans.no overført enno. Dette og anna vil bli oppdatert løpande.


Me håper du vil ha god nytte av den portalen!


Grafisk formgjeving: Morten Stoltz Vernegg - www.mortenvernegg.no
Publiseringssystem: Custompublish AS - www.custompublish.com


Kom gjerne med dine synspunkt på sida i kommentarfeltet under!