Festivalen startar opp på Gloppen hotell fredag 16. november. Namnet Jeremias er brukt for å heidre Jeremias Henden frå Gloppen.
 
– Vi ville ha eit namn med historisk sus, og valte Jeremias Henden: Eit musikalsk geni, født på Austrheim i Gloppen i 1879, som døyde i 1923 berre 44 år gamal. Jeremias gjorde landet til sitt verkeområde, seier Atle Nygård til Fylkesmagasinet.
 
Jeremias Henden var m.a spelemann og rallar i nord, der han skreiv sitt mest kjende verk, "Sulitjelmagaloppen". 
 
- Jeremias slo gjennom med musikk og på mange andre vis. Det gjekk både rykte og gjetord om hans korte og omflakkande liv, han var nærast ein segnfigur, seier Atle Nygård. 
 
I lag med med Svein Hjellbakk og Rune Nordvik sit Nygård i interrimstyret i Jeremiasfestivalen. Arrangør er folkemusikkgruppa Grannelaget, der Hjellbakk også er leiar.
 
- I fjor haldt vi konsert og dans med Marie Forr Klåpbakken og band. Det vart populært, og vi vart oppmoda om å fortsette. Med Jeremias-festivalen ønskjer vi å trekkje nye lyttargrupper – folk som vanlegvis ikkje går på ein folkemusikkonsert, fortel Svein Hjellbakk, som sjølv har meir enn 40 års fartstid i folkemusikken.
 
– Målgruppa er ei fin blanding av unge og gamle, men målet er å trekke meir ungdom. Vi byrjar rolig, og fyller festivaldagane med meir program etterkvart. Vi vil bygge steg for steg, seier Nygård. 
 
Fredag 16. november vert det konsert med Valkyrien Allstars i det nyutvida Gloppen Hotell. 
 
- Nye salen på Gloppen hotell tek 200 personar. Fyller vi den på konserten med Valkyrien Allstars, og det kjem 100 til på dansen, klarer vi oss, seier arrangørane.
 
Etter konserten med Valkyrien Allstars vert det dans med Eid Spelemannslag, Austrheim Musikklag og Grannelaget. Samttundes er det dans i Kjellaren på hotellet med firdabandet Mellow Marsh.
 
Laurdag 17. november vert det kyrkjekonsert i Vereide kyrkje, med Øyvind Lyslo, Linda Øvrebø, Hanne Grete Heeen og Synnøve Nordvik. Denne konserten er basert på folketoner, både med religiøst og folkeleg innhald. 
 
På denne sida frå Gloppen kommune kan du lese meir om den nye festivalen. Eit større intervju med tilskiparane kan du lese hos Fylkesmagasinet.