Seminaret tek sikte på å sjå på forholdet mellom folkeleg og kyrkjeleg salmesong, og korleis dei har inspirert kvarandre sjølv om dei har ulike musikalske uttrykk og representerer to ulike musikkulturar. Auka kunnskap har i nyare tid skapt større forståing og respekt mellom dei to kulturuttrykka. I songillustrerte innlegg, konsertar, kurs og folkesongmesse vil vi ta for oss folkeleg salmesong frå ulike distrikt, vise døme på kunstnarleg bearbeiding og pedagogisk formidling av denne typen tradisjonsstoff.

I tillegg til kvedarar / folkesongarar rettar seminaret seg mot alle som har interesse for salmesongtradisjonar, men spesifikt mot målgrupper som musikkstudentar, -lærarar, kyrkjemusikarar og vanlege kyrkjegjengarar.

Seminaret er eit samarbeid mellom Arne Bjørndals samling og Griegakademiet, Institutt for musikk Universitetet i Bergen, Sandviken kirke og Kvedargruppa i Bergen, og Norsk Kvedarforum.


Påmeldingsfrist: 15. august



Påmelding og informasjon om seminaret

Program og informasjon om overnattingsteder

Om tittelen på seminaret, "Nu rinder solen op"


FRA PROGRAMMET


Fredag 10. september kl. 1900 Schøtstuene:
Intimkonsert: Bodil Haug-Eirin Røykenes-Hilde Kristin Gjerstad

Laurdag 11. september kl 0930-1630 Griegakademiet-Institutt for musikk:
Seminar: Sigbjørn Apeland-Henrik Ødegaard-Ingrid Gjertsen-Åge Haavik Songverkstad/kurs

Laurdag 11. september kl. 1900 Sandvikskirken:
Konsert: Sondre Bratland-Sigbjørn Apeland

Sundag 12. september kl. 1100 Sandvikskirken: Folkesongmesse
Musikk av Henrik Ødegaard-Solosong Halvor Håkanes