”Norwegian Tapas” er meint å vere eit verktøy som skal gje norske musikarar høve til å turnere ute, og skal bidra til å bringe norsk musikk til eit belgisk publikum som sjeldan vert eksponert for skandinavisk musikk.

Målet er å arrangere ein årleg “Norwegian Tapas”-turné som etter nokre år vil etablere seg som eit trygt og kvalitetstempla konsept i det belgiske kulturlandskapet. På sikt vil det også vere eit mål å utvide turneen til å inkludere Belgia sine naboland.

Utvalget av artister vil i hovudsak skje med utgangspunkt i artistane som spelar på Folkelarm i Oslo. Dette vil skape ein kontinuitet i det arbeidet som vert lagt ned for å promotere norske artistar i utlandet.

Turnénettverket Toernee Mondial
Turnénettverket Toernee Mondial består av 20 ulike spelestader/kultursenter i Belgia som jamleg kjem saman for å planlegge konserter og turnear innan verdsmusikkfeltet. Saman organiserer dei nærare 80 konsert og teaterførestillingar i året.

Leiaren i Toernee Mondial, Roger Bowens, var på Folkelarm både i 2007 og 2008. Han arrangerte turné med Majorstuen i desember 2007, og konsert med Karl Seglem i oktober 2008. Bowens har gjennom de siste åra opparbeida seg god kunnskap om norsk folkemusikk og hva som rører seg innenfor sjangeren.


Norwegian Tapas er støtta av: