Konsertar:
Tirsdag, 17. November.......................Liege
Onsdag, 18.November.................Luxemburg
Torsdag, 19. November......................Evergem
Fredag, 20. November............................Koksijde
Laurdag 21. November........................Leopoldsburg
Norwegian Tapas er eit samarbeid mellom Norsk folkemusikkformidling og turnénettverket Toernee Mondial i Belgia. Turneen vert arrangert for fyrste gong i november 2009, men vil vere eit årleg konsept der ulike artistar vert plukka ut kvart år.
Utvalet av artistar skjer på Folkelarm i Oslo. Dette skapar ein kontinuitet i det arbeidet som vert lagt ned for å promotere norske artistar internasjonalt, og etablerar ein plattform for kontakt mellom artistar og arrangørar.
Norwegian Tapas bringer norsk musikk til eit belgisk publikum som sjeldan vert eksponert for skandinavisk musikk. Målet er å arrangere ein årleg “Norwegian Tapas”-turné som vil etablere seg som eit trygt og kvalitetstempla konsept i det belgiske kulturlandskapet.
Gjennom eit samarbeid med Den norske ambassade i Brussel vert ein konsert lagt til Luxemburg. På sikt vil det også vere eit mål å utvide turneen til å inkludere fleire av Belgia sine naboland.
![]() |
Foto: grappa |
Gjermund Larsen trio
Gjermund Larsen debuterte som komponist i 2006, og på same tid vart Gjermund Larsen trio danna. Trioen består av: Gjermund Larsen (fele), Andreas Utnem (trøorgel, piano) og Sondre Meisfjord (kontrabass). Gjermund Larsen spillar til dagleg i Majorstuen, Brødrene Larsen, Ragnhild Furebotten trio og Christian Wallumrød ensemble. Som orkestersolist har han spelt med Kringkastingsorkesteret, Trondheim Symfoniorkester og Trondheimsolistene. Gjermund Larsen Trio ga ut debutplata ”Ankomst” i 2008 og vann Spellemannsprisen 2008 for denne.
![]() |
Foto: Rikskonsertene |
Bruvoll / Halvorsen band
Gitaristen Tore Bruvoll og songaren Jon Anders Halvorsen er et musikalsk tospann som saman med nokre av dagens fremste folkemusikarar har skapa sin eigen "feelgood"-folkemusikk. I Bruvoll/Halvorsen band har dei med seg Sondre Meisfjord (kontrabass), Jorun Marie Kvernberg (fele og hardingfele), Anders Røine (gitar, mandolin, banjo) og Christian Svensson (perkusjon). Med utgangspunkt i tradisjonsmusikken presenterer dei folkemusikk av i dag med utgangspunkt i norske middelalderballadar, folketonar og eigne låtar. Bruvoll/Halvorsen har delteke på ei rekk konsertar i inn- og utland, og i 2004 gav de ut debutalbumet ”Nattsang”. Oppfølgjaren ”Trillar for to” kom i 2007. For den siste plata vant de Folkelarmprisen 2007 for årets beste nyskapande plate.
![]() |
Foto: Yina Chan |
Jorun Marie Kvernberg
Jorun Marie Kvernberg har studerte utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole (1999 – 2004) med fele og hardingfele som hovudinstrument. Kvernberg jobbar heiltid som folkemusikar, både som solist og i ei rekkje ensemble, og er kjend frå grupper som Tindra og Majorstuen. Jorun Marie Kvernberg komponerte tingingsverket ”Då kom du” til opninga av NRK Alltid Folkemusikk i 2004, og vant TONO sin Edvardpris året etter for dette verket. I 2006 kom henna fyrste soloplate ”Album”.