Jorun Marie Kvernberg, Gjermund Larsen trio og Bruvoll/ Halvorsen turnerer vart plukka ut av Roger Bowens og Toernee Mondial i samband med Folkelarm i 2008. Dei skal turnere i Belgia i perioden 16. – 27. november 2009.

Jorun Marie Kvernberg. Jorun Marie Kvernberg har studerte utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole (1999 – 2004) med fele og hardingfele som hovudinstrument. Kvernberg jobbar heiltid som folkemusikar, både som solist og i ei rekkje ensemble, og er kjend frå grupper som Tindra og Majorstuen. Jorun Marie Kvernberg komponerte tingingsverket ”Då kom du” til opninga av NRK Alltid Folkemusikk i 2004, og vant TONO sin Edvardpris året etter for dette verket. I 2006 kom henna fyrste soloplate ”Album”.

 

 

Gjermund Larsen trio. Gjermund Larsen debuterte som komponist i 2006, og på same tid vart Gjermund Larsen trio danna. Trioen består av: Gjermund Larsen (fele), Andreas Utnem (trøorgel, piano) og Sondre Meisfjord (kontrabass). Gjermund Larsen spillar til dagleg i Majorstuen, Brødrene Larsen, Ragnhild Furebotten trio og Christian Wallumrød ensemble. Som orkestersolist har han spelt med Kringkastingsorkesteret, Trondheim Symfoniorkester og Trondheimsolistene. Gjermund Larsen Trio ga ut debutplata ”Ankomst” i 2008 og vann Spellemannsprisen 2008 for denne.

 


Bruvoll / Halvorsen band. Gitaristen Tore Bruvoll og songaren Jon Anders Halvorsen er et musikalsk tospann som saman med nokre av dagens fremste folkemusikarar har skapa sin eigen "feelgood"-folkemusikk. I Bruvoll/Halvorsen band har dei med seg Sondre Meisfjord (kontrabass), Jorun Marie Kvernberg (fele og hardingfele), Anders Røine (gitar, mandolin, banjo) og Christian Svensson (perkusjon). Med utgangspunkt i tradisjonsmusikken presenterer dei folkemusikk av i dag med utgangspunkt i norske middelalderballadar, folketonar og eigne låtar. Bruvoll/Halvorsen har delteke på ei rekk konsertar i inn- og utland, og i 2004 gav de ut debutalbumet ”Nattsang”. Oppfølgjaren ”Trillar for to” kom i 2007. For den siste plata vant de Folkelarmprisen 2007 for årets beste nyskapande plate.