Showcase Scotland er eit bransjetreff med fokus på skotsk tradisjonsmusikk, og vert arrangert som ein del av den årlege prestisjefestivalen Celtic Connections i Glasgow. Nærmare 180 delegatar; journalistar, agentar, plateselskap og musikarar blir presentert musikk frå scener som rommar mellom 500 og 3500 besøkande.

I tillegg til å vise fram skotsk musikk, opnar Showcase Scotland opp for at andre land og regionar kan få vise fram sine musikktradisjonar, og har kvart år eit eige gjesteland. Dette har gjeve Norsk folkemusikkformidling, Music Export Norway og Den norske ambassade i London høve til å inngå ei avtale som gjer Noreg til gjesteland/partnar for festivalen i 2010. Noreg tek med dette over stafettpinnen etter Quebec som har vore partnar i 2009.

- Dette er ein unik sjanse for norsk folkemusikarar til å vise seg fram på ein av dei verkeleg store arenaene, og til å knytte til seg verdifulle kontaktar internasjonalt. Samtidig er dette med på å markere og sette fokus på norsk tradisjonsmusikk i sin heilskap, seier Silje Førland Erdal, rådgjevar i Norsk Folkemusikkformidling.