Fredag 13. april vert det festsamvær - med bordsete, kveldsete og dans - på Sandvin ungdomshus.  Barn og unge teledølar syner noko av det som dei har øvd på i det siste, og tek gjestene inn i dansen.

- Her får vi god tid for å bli litt kjent med kvarandre på tvers av grenser, ulike dialektar og språk, seier Agnes Buen Garnås, som sjølv står for tilskipinga på fredagen i lag med Bø U.L. Bø Dansarring og Spelemannslaget Bøheringen. 

Laurdag 14. og sundag 15. april vert det seminar med festkveld på Bø Hotell. Hit kjem kvedarar frå nord, sør, aust og vest, samt folkesongarar med andre tradisjonar. Både sørsamisk, nordsamisk, kvensk og finnskog-finsk, jødisk, iransk og søramerikansk musikk og song møtest.

Det vert innlegg, allsong, undervisning i grupper og konsertar. Kjøkemeister Oline Løvølid leier seminardagane og festkvelden, alt tilpassa alle aldrar.

Laurdag midt på dagen er det utfart til Nes Kyrkje, med paradishopping og regle-rekkegang i labyrint før inngang til gregoriansk songmesse med kyrkjekoret under leiing avc Henrik Ødegaard. Seminardeltakarane får og vere med og syngje.

På laurdagskvelden blir det konsert med m.a. Veronica Selina, Ivanir Hasson, Safira Hasson, Ante Mikkel Gaup, Agnes Buen Garnås og Cecilia Persson, samt Sinikka Langeland (kantele), Javid A. Rad (santur) og Trygve Seim (saxofon). 

Jarnfrid Kjøk, Elin Sappola Brandvold, Sigrid Randers-Person, Tone Juve, Ingvill Marit Buen Garnås, Olav Bjørgum og Veslemøy Fjerdingstad vil også ha innslag under jubileumsseminaret. Ellen Baskår vil dessutan vise døme på sin biletkunst, medan "Den lille prinsen" blir ein eigen framsyning på Gullbring kulturanlegg. 

To andre framsyningar denne helga er "Skomakeren som sang" med Ivanir og Safira Hasson (jødisk sang) og "Naranhaverden"  med Veronca Salinas og Marius Graff (søramerikansk/indiansk). Dette er framsyningar frå Folkeakademiet sin kulturkatalog.

Det blir i tillegg salsutstilling, som vil vere open for alle som har publisert bøker, plater og illustrasjonar til folkesong.

– Gjer vel og ta det med så vi kan sjå og kjøpe, oppmodar arrangørane.

Norsk Kvedarforum arrangerar dette seminaret i samarbeid med Folkeakademienes Landsforbund, og  med økonomisk stønad frå Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, Lindemans Legat, Folkeakademienes Landsforbund og KOMP.

Seminaravgifta inkluderer festsamvær med måltid fredag. Heile seminaret kostar kr. 1200 for medlemmar av Norsk Kvedarforum, 1500 for ikkje-medlemmer kr 1500 og kr. 500 for barn. Det er også familierabatt.

Interesserte kan få meir informasjon ved å skrive til agn-garn@frisurf.no. Sjølve påmeldinga  skjer gjennom ei melding til jarnfrid@online.no. Frist for betaling av seminaravgifta er 10. mars.