Styreleiar i Noregs Ungdomslag, Kristian Fjellanger, er glad for at fleirtalet no går saman for å sikre ivaretaking og fornying av viktige norske kulturuttrykk:
- Dette er på veg til å oppfylle løfta frå Kulturløftet II, der ein seier at det skal satsast på ulike danseutrykk over heile landet, og at ein skal sørgje for at folkedansen har gode vilkår, seier Fjellanger.
Fjellanger viser til ABM-utvikling sin nye rapport om immateriell kulturarv i Noreg, og det breie arbeidet med å ta vare på, vidareføre og levandegjere den norske folkedansen som ungdomslag over heile landet held på med.
- No kan vi utdanne fleire instruktørar, vidareutvikle våre nasjonale prosjekt og sørgje for at 2011 blir eit jubelår for folkedans i heile Noreg, avsluttar Fjellanger.
I Kulturmeldinga (St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014) står det klart at det trengst særlege tiltak for å styrke folkedansen som allment kunstnarleg uttrykk, verneverdig lokalkultur og generasjonssamanbindande eigenaktivitet.
Kristeleg Folkeparti hadde foreslo 0,8 millionar kroner i sitt alternative statsbudsjett. Stortingsrepresentant Øyvind Håbrekke i KrF er tilfreds med forliket:
– Eg er svært glad for at regjeringa har imøtekome oss slik at Noregs Ungdomslag sitt arbeid kan styrkast. Dette er også eit viktig signal om at folkedansen bør få meir rom og plass i tida som kjem. Eg håpar at dei ekstra midlane vil bidra til auka aktivitet og utvikling for feltet, seier Håbrekke.
Noregs Ungdomslag har fått offentlege løyvingar til folkedansarbeidet sidan 2004, etter eit budsjettforlik i Stortinget. For 2010 fekk NU 400 000 kroner, medan tilskottet for 2011 no vil bli på 0,9 millionar kroner.