Nordmøre spelmannslag vart danna 27. februar 1932 i Kristiansund og er såleis 80 år i 2012. Det ville vore interessant å vite korleis vi ligg an i forhold til andre gamle lag som ennå er aktive her i landet. Kanskje er vi blant dei aller eldste – eller det eldste aktive laget i FolkOrg?  I førstninga var Kristiansund hovudsete, men i dag er utøvarane spreidde frå Trondheim i nord til Gjemnes i sør, med deltakarar frå mange av nordmørskommunane. Les meir om historia til laget her.

Lagssammensetting og slåttetilfang
Det er rundt 20 aktive spelmenn i laget, fordelt på vanleg fele, fløyte, trekkspel, gitar og kontrabass. I tillegg har vi samarbeid med organisten Alexey Kurbanov og folkesongaren Gro Kjelleberg Solli. Vi er eit svært allsidig lag, der repertoaret strekkjer seg frå danseslåttar og bruramarsjar til religiøse folketonar, presentert med fullt lag, orgel og song. Nordmøre er veldig rikt på folketonar, og slåttetilfanget er stort, med melodiøse slåttar som har fellesdrag med musikk frå ulike grenseområde.

Aktivitetane i laget

Vi kjem sammen og øver med 2-3 vekers mellomrom, og det er medlemmar som køyrer 30 mil for å komme seg til og frå øving! Vi har hatt fleire konsertar, både kyrkjekonsertar og tilstellingar der vi presenterer ein spelmann eller eit folkemusikkmiljø gjennom eit samspel med bilete, gamle lydopptak og levande musikk. Vi er fast arrangør av fylkeskappleiken for Møre og Romsdal fjerdekvart år og hadde arrangementet i Surnadal i april. Der framførte vi 80 års jubileumskonsert med ei reise gjennom historia til laget og slåttemusikken på Nordmøre. Til hausten skal vi gjere liknande forestillingar, og vi har planer om å reise over havet til vennane våre på Shetland i 2013.

I samband med jubileet har vi spelt inn ein CD med 24 melodiar. Du kan høyre smakebitar frå CD-plata «...og slåtten klang døyvd i moll»nettsida til Nordmøre spelmannslag.
Dei siste åra har vi hatt ein stødig stamme spelmenn. Vi har hatt kurs i felespel, der vi har rekruttert nye felespelarar, i tillegg til at medlemmar i laget har feleelevar både privat og gjennom kulturskule.

Utfordringar framover
Sjølv om vi på Nordmøre og i Midt-Norge elles starta veldig tidleg med både kappleikar og spelmannslag, er vi langt frå Oslo og dei såkalla høgstatusområda. Det er ein lang veg om vi skal markere oss t.d. i fjernsyn. Samstundes ser vi at «profesjonelle» aktørar - ofte utan ståstad i folkemusikken - tek over formidlinga av denne kulturarven. Folkemusikkfestivalane er ofte spekka av konsertar med innleigde aktørar, medan mange som har solid ståstad i folkemusikken ikkje har anna forum enn t.d. kappleikane. Dialekter og lokale drag i folkemusikken er godt på veg til å forsvinne.

Helge Husby, musikalsk leiar Nordmøre spelmannslag
 
Her finn du eit utval lydfiler frå Jubileumscd-en deira
 

Nordmøre spelmannslag under jubileumskonsert Surnadal 21. april 2012

Foto av laget i Sunndalen 1932:  Frå v.bak: Holger Aresvik, Ola Kallset, Ivar R. Eide, Sigurd Øverås, Nils Storvik, Tore Hoås, Gunnar Kallset, Reidar Øverås, Erik Almhjell. Framme frå venstre: Jon I. Holten, Ingrid Eide, Reidar Hilstad.

Foto av laget i Sunndalen 1932:
Frå venstre bak: Holger Aresvik, Aure, Ola Kallset, Torjulvågen, Ivar R. Eide, Eide, Sigurd Øverås, Dale, Nils Storvik, Sunndal, Tore Hoås, Sunndal, Gunnar Kallset, Bøfjorden, Reidar Øverås, Dale, Erik Almhjell, Sunndal. Framme frå venstre: Jon I. Holten, Surnadal,  Ingrid Eide, Eide, Reidar Hilstad, Kristiansund