- Dette er fantastisk! Eg trudde nok vi kom til å gjera det bra, men ikkje at vi skulle vinne klassen. Dette er over all forventning, seier Gangsø laurdag morgon i frisørsalongen på Otta.
- Eg er av dei som likar å delta for deltakinga si skuld. Å delta for å vinne har aldri vore viktig for meg.
Sjølv om Gangsø no er å finne blant eliten i klassa for dans fele, er deltaking på kappleik noko ho byrja med i vaksen alder.
- Eg er leikarringdame, veit du. Delting på landskappleiken er noko eg byrja med i vaksen alder.
Gangsø og Vårdal vann B-klassen med ein frisk nordlandspols.
- Eg var så heldig å få vera med Dag Vårdal då dei rekonstruerte nordlandspolsen tidleg på 70-talet. Då Vegar, sonen til Dag flytte til Vågå, bestemte vi oss for å delta. Vi har delteke i B-klassen i tre år, seier Kjærsti.
Gangsø er ikkje berre deltakar, men er også med som dugnadsarbeidar – i tillegg til å reklamere for Landsfestivalen, som blir arrangert i byrjinga av august – og som ho er general for.
- Otta og Vågå er to gode naboar, og vi hjelper kvarandre med førebuing og dugnadsjobbing. Her er mykje å lære!
Her finn du resten av resultata frå onsdagens og torsdagens tevlinger.
I dag er ein dag fyld med eit variert og tett program. Deltakarar i desse klassene skal i ilden i løpet av laurdagen; dans fele kl. A, dans hardingfele kl. B, spel hardingfele kl. C, vokal kl. A, durspel jr./senior, andre eldre folkemusikkinstrument, munnharpe, laus kl. A, spel fele kl. A.
Høgdepunktet for dagen er nok for mange durspelklassen, der årets kongepokal blir delt ut til vinnaren.