Dette er eit lag som består av ei spelgruppe og dansarar. Mykje av aktiviteten i laget kretsar rundt «Onsdagsdansen» som har vorte arrangert den andre onsdagen i månaden i mange år. Der samlast mellom 40 – 70 dansarar og spelemenn, og dansegolvet er fult gjennom heile kvelden.
Og terskelen for å delta er låg. Her treng du ikkje vere ekspert for å delta. I invitasjonen til dansekveldane står det: Hvis du føler deg litt usikker i de forskjellige danseartene og trinnene, får du veiledning fra våre medlemmer, hvis du ønsker det!
Til «Onsdagsdansen» kjem det folk frå alle områda rundt Klæbu, og laget hentar inn grupper, spelemenn og spelemannslag frå ulike delar av Trøndelagsområda. Dei får ofte førespurnadar frå grupper og lag som vil spele til dans, og inviterar alle som vil ”spell” til å melde seg.
”Har du lyst til bli med i dugnadsspællinga, ta me' instrument, du e' hjertelig velkommen!”
Repertoaret varierer mellom gamaldans og bygdedans, og det vert dansa lokale dansar som bynespols og klæbupols. Her finn ein fleire tradisjonsdansarar, og dansen har blitt dokumentert av mellom anna utanlandske studentar som dokumenterer folkedans i fleire land. I tillegg har dei kurs i lokale dansar som bynespols, klæbupols og rørospols, samt gamaldansar.
Høg trivselsfaktor
Trivselen er viktig, og dei er opptatt av at det skal vere ei inkluderande og god atmosfære. Her skjer alt på dugnad, og det serverast både vaffel og kaffe. Økonomiske bidrag til kassa er frivillig. Desse samlingane har ført til at både laget og ”onsdagsdansen” veks og veks, og laget er i dag på 46 medlem. Det er stadig nye folk på desse tilstelningane.
"- Den beste og morsomste trimmen du kan tenke deg, du bestemmer selv hvor mye trim du vil ha, du får treffe gamle og nye venner, og så kan du slappe av med en kopp kaffe når du måtte ønske!"
Dans på opptreningssenter
Laget engasjerer seg også på andre arenaer i lokalmiljøet. Mellom anna underviser laget også folkedans gratis på skulen i bygda.
Laget har dessutan eit fast opplegg på Selli Opptreningssenter, der dei spelar og aktiviserer pasientane til å danse folkedans. Her er verken gåstol og eller rullestol til hinder for å svinge seg litt, og laget er svært populære institusjonsgjester.
Dette er et eit lag som gir mykje til mange!
Klæbu Torader & Danselag er eitt av tre nominerte lokallag til prisen Årets lokallag, som vert delt ut under årsmøtet i FolkOrg denne helga.
Om FolkOrg og «Årets lokallag»
FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og danselag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner stor aktivitet gjennom mellom anna:
- Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
- Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
- Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.
FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.