Fløytemiljøet i folkemusikk-Norge, spesielt og musikkmiljøet i Noreg, generelt, har ikkje hatt ein eigen møtestad, difor tok Buskerud Folkemusikklag initiativet til å arrangere landets einaste festival for fløyter: Fløytivalen - i mai 1998. Buskerud er et fylke med rike fløytetradisjoner. Ein kan t.d nemne sjøfløytetradisjonane frå Numedal.

I fleire år har Fløytivalen vore lagt til Folkemusikkveka i Ål, men er no tilbake i Sigdal.

Fløytivalen 2010 har invitert sekkepipa med i det gode selskapet, og det blir m.a. seminar, føredrag, kurs og konsert med sekkepipespelar Eliabeth Vatn.

Vidare er Steinar Ofsdal og Stein Villa sentrale i programmet.

Du kan lesa heile programmet på nettsidene til Folkemusikksenteret i Buskerud.