Tekst: Gudrun Folkedal. Foto: Martin Innerdal Dalen
TRONDHEIM: - Frå 1989 og utover hadde vi årlege kull på 30–40 studentar. I år har vi 13 studentar på folkedansmetodikk, noko som vil seia at talet på studentar har krympa kraftig, seier Egil Bakka, professor i folkedans, og ansvarleg for studieprogrammet. Årsaka til nedgangen er nok samansett, men Bakka trur han har noko av svaret.
- Det kjem nok dels av at rekrutteringa til folkedans har gått ned generelt, og at dei som satsar på avansert arbeid med folkedans, har blitt færre.
Med Egil Bakka i spissen har Norsk senter for folkemusikk og folkedans no teke grep for å auka talet på studentar.
- Vi har hatt eit møte med FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, Folkekulturforbundet og Noregs Ungdomslag for å få dei med på ei fornying av studiet. Saman med dei ansvarlege for dansevitskap skal dei vera med og sjå på innhaldet i undervisninga, for å finna ut om det er noko ein kan gjera for at innhaldet i studieplanane vert meir aktuelt for tilsette og medlemer i organisasjonane.
Konkret, kva slags fornying kan det vera snakk om?
- Vi har ikkje komme langt nok i prosessen til å seia kva slags tiltak, anna enn å drøfta med organisasjonane.
Maria Høgetveit Berg frå FolkOrg er positiv til eit slikt samarbeid.
- For oss er det ein fordel om fleire medlemer får auka kunnskap om dans generelt. Her er studietilbodet ved Dansevitskap heilt sentralt. Utfordringa vår er å få medlemene våre til å sjå at studietilbodet er naudsynt for å auka den faglege kompetansen til kvar einskild, og for å gjera dei i stand til å gå inn i rolla som instruktørar og dommarar.
Dette er folkedansstudiet
• Høyrer til ved NTNU i Trondheim.
• Starta i 1989.
• Folkedansstudiet er den einaste plassen der ein kan studera folkedans på høgare nivå i Noreg. Studiet inneheld desse enkeltemna 1) Tradisjonskunnskap, 2) Allmenn folkedanspedagogikk og 3) folkedansmetodikk.
Artikkelen sto opphaveleg på trykk i Bladet Folkemusikk, nr. 5, som kom ut rett før jol. Folkemusikk.no vil denne veka bringe fleire artiklar rundt dette emnet, og tar gjerne imot innspel frå lesarane.