- Dette er ei av gromklassene mine, seier felespelar og nestleiar i FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, Mari Skeie Ljones. Ho er godt nøgd med spelet og framføringa så langt.

- Eg tykkjer det er mykje fint spel i dag. Kanskje er gjennomsnittsalderen høg, men nivået er godt.

- Er det få yngre, seier du?

- Det er mange godt vaksne deltakarar i lagspellklassa. Slik har det alltid vore. FolkOrg, saman med gamaldanslag og spelemannslag har likevel ein jobb å gjera for å nå fleire, yngre, seier Skeie Ljones.

Også general for Landsfestivalen, Øyvind Sandum stadfestar at gamaldansmiljøet må arbeide for å rekruttere fleire, yngre til sjangeren. Han peiker på ulike årsaker til den dalande interessa blant dei yngste.

- Dette er samansett. Det er færre bygdefestar rundt om i landet. Det kan vera ei forklaring.

- Er det ikkje kult nok?

- Vi er kanskje ikkje flinke nok til å stå for det vi driv med, vi må vera stolte av musikken vår. Gamaldansen har vorten ein tabusjanger som det er knytt ein del myte omkring. Den må vi kvitte oss med.

Heilt svart er det likevel ikkje:

- I klassa for Gruppespell er det langt fleire yngre utøvarar, og nye gruppe. Her har det skjedd eit lite generasjonsskifte. I år er det også ein auke i talet på deltakarar i denne klassen. I 2010 deltok 20 grupper. I år er 25 grupper påmelde.

Sandum lovar å arbeide meir for rekrutteringa i Oppdal om det økonomiske resultatet etter årets festival tillet det. - Om vi sit att med pengar på bok, vil vi bruke ressursane på meir opplæring i dans, spel og song, seier han.

Eitt av dei yngre laga som hausta stor åtgaum under tevlinga i Lagspell i dag var Gamlebanken spelemannslag. Under musikalsk og myndig leiing av Synnøve Bjørseth spelte dei to låttar – til full jubel i salen. Også Oppdal spell- og dansarlag og Lom spelmannslag slo an blant publikum.

Resultat frå tidlegare kappleikar og festivalar finn du her!

Dei som går vidare til finalen blir kunngjort i kveld, torsdag kl. 18.00. Følg med på Folkemusikk.no for meir ferske nyheiter!