Det blei konkurrert i tre ulike klasser, solo, grupper og spelemannslag. Norske Mukampen spelemannslag med Roger Slåstuen i front hadde dagen og slo ut Gudbrandsdølenes spelemannslag og Svärdsjö spelmanslag frå Sverige i finalen.
I klassa for grupper var det "veteranane" i svenske Blå Bergens Borduner som vann, dei to andre i finalen var norske Syvers orkester, også dei frå Gudbrandsdalen, og den danske gruppa Ae Fjet Fengers.
Nok ein gudbrandsdøl, Inge Gjevre, var å finne i finalen i solistklassa, men her var det finske Päivi Hirvonen, som vann. Ho song og spelte fiolin og stråkharpe. Den svenske nyckelharpespelaren Emilia Amper var også i finalen i denne klassa.
Frå Noreg deltok òg Kvedarkvintetten og spelemannen Per Anders Buen Garnås. I dommarpanelet sat Dan Lundeberg (Sverige), Arto Järvelä (Finland), Silje Hegg (Norge) og Morten Alfred Høirup (Danmark).
På NORD foregår og konsertar. Knut Hamre hadde konsert i lag med Anders Nygårds, og Astrid Sulheim frå Lom dukka opp i ein solokonsert med tittelen "överraskningskonsert". Og mellom dei som spelte til dans var Brekken spelmannslag.
Interesserte kan lese meir om NORD 10 hos Dalarnas Tidningar. Innsatsen til Mukampen spelemannslag er og omtalt i Gudbrandsdølen Dagningen.