Sogn og Fjordane Folkemusikklag byr for fjerde gong på eit fordjupingskurs i folkeleg dans for vidarekomne. Kurset er det einaste av sitt slag i landet som går over ei heil veke (10.-15. juli), og instruktørar er dansepedagog Ami Petersson Dregelid i tett samarbeid med felespelar Ellika Frisell.
Kurset er praktisk retta og tek sikte på å gje deltakarane eit verktøy for vidare utvikling av eigen dans. I løpet av kursveka blir det fokusert på generelle spørsmål knytt til folkeleg dans: samspelet mellom musikk og dans, ulike snuteknikkar, balanse, flyt, rotasjon, driv og personleg uttrykk.
Den tradisjonelle metoden for å lære folkemusikk har alltid vore gehørbasert, og dans traderast etter same prinsipp. Inspirert av dette har kursinstruktørane innført omgrepet gerør som ein læringsmetode der fokus er på herming av rørslespråket. Gjennom å praktisk reflektere over og analysere rørsler vil deltakarane få moglegheit til å utvikle si fysiske forståing av eigen og andre sin dans.
Kurset er organisert som gruppeundervising, men det er samstundes gode moglegheiter for individuell rettleiing og eigne refleksjonar. Heile kurset er lagt opp som ein open dialog mellom deltakarane og instruktørane, og tek utgangspunkt i kunnskapen som deltakarane allereie har om eigen dans og dansekropp. Det vil også vere noko innlæring av nye dansar som praktiske øvingar
Du kan melde deg på kurset både med og utan dansepartnar. Kursavgift for fordjupingskurs i folkeleg dans er kr. 3 500,-, og inkluderer mat og overnatting på internatskulen på Mo.
Påmeldingsfrist for kurset er 20. mai. Interesserte kan lese meir og finne påmeldingsskjema på www.mokurset.no.