Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk for barn og unge. Kurset går over ei veke på Mo i Førde kvart år, og det blir undervist i slåttelære og teknikk på mellom anna hardingfele, fele, trekkspel, toradar og song. I tillegg får elevane undervising i støttefag som folkemusikkhistorie, samt at alle får delta i dans og song. Elevane får dessutan velje mellom fleire valfag, som t.d. samspel, arrangering, drama, munnharpe, halling, m.m.
Undervisinga føregår i grupper på ulike nivå, men elevane får også individuelle timar tilpassa den enkelte sitt nivå.
Minstealder for å melde seg på Mokurset er 10 år, og du må ha spelt eller sunge i minst 2 år.
I tillegg til dei ordinære kursa har Mokurset desse tilboda:
- STORSPEL er eit kurstilbod for vidarekomne utøvarar på fele/hardingfele.
- SAMSPEL er eit kurstilbod for deg som ønskjer å spele i ensemble og arbeide med arrangert musikk.
Pris for Mokurset er kr. 2 400 for elevar under 14 år, og kr. 2 700 for elevar over 14 år. Det blir gjeve familiemoderasjon på 15%.
- DANS er eit kurstilbod for vidarekomne og vaksne dansarar som ønskjer å arbeide med og utvikle seg som dansarar gjennom å fokusere på kroppsbeherskelse, teknikk og musikk!
Pris for dansekurs er kr. 3 500.
Alle kursavgifter inkluderer overnatting og måltid på kursstaden.
Sjå informasjon om årets lærarar, timeplan og konsertar på: