Av Kari Malmanger, Sogndalsdalen

Kursa som vart arrangerte var gratis, og instruktørane var av dei beste Sogn kan by på. Det vart arrangert dansekurs i både Jostedalsspringar, Sognaspringar, Halling, Gammaldans og dans for born. Ein kunne og få prøva seg på kurs i toradar, fele og song.

Det var mellom 60 og 70 deltakarar på kursa alt i alt, og av dei var om lag 50 born. Tilbakemeldingane frå deltakarar og kurshaldarar var bra.

- Dette var eit bra tiltak. Det er fint at det finst andre tilbod for born enn berre fotball her i Sogndal, var kommentaren frå ei mor.
Kurshaldarane er samstemte på at dette har vore kjekt å vere med på, og at det er viktig å prøve å nå ut til born og ungdom for å rekruttere til folkemusikkmiljøet.

SONY DSCKonsert med dyktige utøvarar av Sognetradisjon

Kari Malmanger hadde sett saman ei framsyning som skulle syne mangfaldet av folkemusikk og dans i Sogn. Dette vart verkeleg ei variert og mangfaldig stund, både når det gjaldt repertoar, instrument, samansetjingar og alder på utøvarane. Svein Skjerdal (79) var eldstemann på scenen både med felespel og sognaspringar.

Krudlalaget (instruert av Judith Vestreim) og Rupeungane frå Jostedalen (instruert av Eli Bjørhusdal og Anne Kristin Haugen Halveg) hadde med dei yngste utøvarane. Elles var det solo-, duo- og lagspel med alt frå hardingfele, trekkspel, toradar og einradar til indisk harmonium og song. Jens Brekke batt det heile saman med sine funderingar rundt folkemusikken si historie i Sogn, og elles treffsikre replikkar.

Dans og fest heile kvelden

Etter konserten var det berre å samlast i kantina for å lade opp med litt mat og drikke, og så fekk ein danse for å trimme det heile av seg att. Jostedalen spelemannslag sette i gong dansen med både springar og reinlender, og det var ikkje mange minuttane dansegolvet fekk vere tomt.

Etter ei stund kom Oddbjørn Ramstad med sine flinke elevar og avløyste spelemannslaget. Det var verkeleg flott å høyre kor flinke ungdommar dei har i begge desse gruppene. Til slutt kom det som mange venta på, nemleg Labakkalaget med Arve Bjørn Røneid. Om golvet var fullt før, så vart det no om mogleg enno fullare.

Mange godord fekk denne gruppa om spelet sitt. ”Nei og nei, så kjekt det var å danse til!” Dansen gjekk med få pausar, heilt til Arve annonserte at no kom siste valsen, og det var ein flott vals der eine veket gjekk i moll, som for å understreke at no var det dessverre slutt på denne fantastiske dagen!
 

Folkemusikk.no takkar for denne flotte reportasjen - og håpar at så mange som råd får lyst til å skrive litt om det som går føre seg i lokalmiljøa rundt om. Om du vil ta kontakt med redaksjonen, kan du skrive rett til info@folkemusikk.no.