Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Mjølsnes, Einar

einar_mjolsnes

Folkemusikar, komponist og arrangør, født i 1952 på Voss

Einar Mjølsnes er ein mykje påakta musikar og arrangør/komponist. Har tidlegare jobba som fylkesmusikar i Hordaland og har no arbeidsstaden sin ved Ole Bull Akademiet på Voss. Han driv og ei utstrakt frilansverksemd og deltek i ulike grupper. Som komponist har han til dømes skrive tingingsverket til Osafestivalen i 1998. Han er utdanna ved Veitvet Musikkonservatorium og Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet).

Einar Mjølsnes spelar i gruppa Gamaltnymalt saman med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo. Trioen vant Spelemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammeldans for debutalbumet Gamaltnymalt. Sidan 2005 har han vore med i gruppa Tørvikbygd, ein folkemusikktrio som spelar musikk frå Hardanger. Den første CD-en deira inneheld religiøse folketonar, viser, slåttetrallar og balladar i eige arrangement. Den kom ut hausten 2007. Einar Mjølsnes har medverka på konsertar i ulike samanhengar, til dømes Vossa Jazz, Telemarkfest., Førde internernasjonale folkemusikkfestival, Vestfoldske Festspill og Osa-fest. Han har samarbeidd med fleire av dei Noregs fremste vise- og folkemusikkartistar.

 

Diskografi


Gamaltnymalt (2007, NORCD)
Tørvikbygd med gruppa Tørvikbygd (2007)

 

Medverkande på andres plater

Syng meg heim, med Sondre Bratland (Kirkelig kulturverksted, 2005)

 

Prisar


Griegprisen (1993)
Osa-prisen (1997)
Sagaprisen (1999)
Spelemannsprisen for CD-en Gamaltnymalt (2005)

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk