Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele blir i 2012 tildelt Nikolai Storevik frå Stryn i Nordfjord.
 
Nikolai Storevik har synt ei særskild god utvikling siste åra. Prisvinnaren merkar seg ut med ein uvanlig sterk musikalitet og ei kreativ evne til å skape sjølv. Nikolai har fått opplæring frå fleire sterke tradisjonsutøvarar i sitt område (m.a. Arne M. Sølvberg). Han har delteke på kappleikar med gode resultat, i fleire klasser. Det er ein ung utøvar som ynskjer å satse på folkemusikken og som drøymer om å gjere den til leveveg. Nikolai går på musikklinje på vidaregåande skule med hardingfele som hovudinstrument. Årets prisvinnar har allereie motteke fleire stipend og prisar, deriblant Drøymestipendet og Emil Bolstads legat. Han representerar ein region som har ein sterk identitet i begge feletypar, både hardingfele og vanlig fele.
 
Det var fleire gode kandidatar til årets minnepris. Kandidatar frå heile vestlandsregionen. Gode unge utøvarar på hardingfele. Alle verdige vinnarar kvar i seg. Når styret har valt ut årets vinnar la vi vekt på særs gode skussmål og ikkje minst ein ung fremmadstormande utøvar med sterk eigainteresse for folkemusikk og felespel.
 
Minneprisen er på kr 10 000 og blir delt ut under vestlandskappleiken på Lonevåg på Osterøy. Overrekkinga skjer under arrangementet Open klasse som begynner kl 1700.
 
Formålet med minneprisen er styrkja interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som tilsvarer C-klassen på kappleik (13-18 år), og vera frå Vestlandet. Prisen skal vera eit personleg stipend og er på kr. 10 000,-.
 
Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gammal.
 
Minneprisen vart delt ut for første gong i 2007 og gjekk då til Alexander Aga Røynstrand frå Hardanger, prisen har seinare gått til Erlend Apneseth frå Jølster, Maria Skjeldrum Toppe frå Bergen, Ingeborg Holekim Bringslid frå Bergen og Mathilde Skjæret frå Jostedal i Sogn

Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra unge utøvarar på hardingfele, og slik minnast Audhild Flaktveit Moxnes. Audhild var aktiv utøvar på hardingfele og ho dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, og ho vart berre 17 år gammal.

I styret for minneprisen sit: Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad, Vegard Opheim

 

 

Meir informasjon om Vestlandskappleiken: www.vestlandskappleiken.no

Meir informasjon om minneprisen: www.bergen.ungdomslag.no/minnepris