Ungfolk er ein sommarleir med folkemusikk og folkedans i fokus. Leiren varer i fem dagar, og er for deg mellom 10 og 18 år som er interessert i folkedansteater, hardingfele, langeleik, kveding, munnharpe eller halling og pardans. UngFolk er også Telemarkfestivalens offisielle kurstilbod for barn og unge i folkemusikk og folkedans. UngFolk 2010 vil gå føre seg på Seljord Følkehøgskule 20. - 24. juli (veke 29).
Lærarar 2010
Hardingfele
Sara Telnes Fjågesund, Alexander Røynstrand, Ragnhild Knudsen
Kveding
Ole Arnfinn Hagen
Dans/Halling
Tom Løvli, Anita Løvli, Ola Narverud m.fl.
Langeleik
Kari Lønnestad
Folkedansteater
Hæge Manheim og Mads Bøhle
Prisar
Standard kursavgift kr 2300,-
Inkluderer alle måltid, alle organiserte aktivitetar og overnatting på dobbeltrom. Ta med sengetøy eller laken og sovepose.
Søskenmoderasjon kr 1800,-
For søsken utanom den fyrste påmeldte. Inkluderer alle måltid, alle organiserte aktivitetar og overnatting på dobbeltrom. Ta med sengetøy eller laken og sovepose.
Heimebuarar kr 1300,-
For deltakarar som ikkje overnattar på kursstaden. Inkluderer middag, kveldsmat og alle organiserte aktivitetar.
PÅMELDINGSFRIST: torsdag 10. juni.
Påmelding skjer via e-post, sms, telefon eller post til leiar i Telemark Folkemusikklag:
Hæge Manheim: post@ungfolk.no, Tlf.: 35 05 07 63, Mob: 909 49 226
Husk å send følgjande informasjon: Namn, adresse, fødselsår, mobil og e-post til deltakar; namn, mobil og e-post til føresette; kva for kurs du vil melde deg på, og kor lang erfaring du har.