Historia bak Spelemannslaget Dåm og Drag starta i Romsdals Spelemannslag, og dei var i hovudsak eit juniorspelemannslag under Romsdals Spelemannslag.

Rekrutteringa til laget var så god at ein såg moglegheit for å starte eige lag på Vestnes-sida av Romsdalsfjorden, og 15. april 1991 blei Spelemannslaget Dåm og Drag skipa med base i Vestnes. Besetninga bestod då av feler, klarinett, trekkspel, gitar og bass.  Allereie eit par dagar før stiftinga fekk dei Sparebanken Møre sin kulturpris.

Olav P. Hjelvik var første musikalske leiar for laget, og ein skal ikkje leggje skjul på at han har gjort mykje for spelemannslaget. Spelemannslaget fekk i denne perioden blant anna trumfa gjennom klarinetten som godkjent folkemusikkinstrument for regionen, som tillet lag frå Romsdal blant anna å bruke klarinetten i regionale og nasjonale tevlingar. 

For sitt arbeid for folkemusikken og kulturtradisjonen i Vestnes fekk Olav P.  blant anna æresmedlemskap i Landslaget for Spelemenn, no FolkOrg, og det gjevaste av alt i 2001 med Kongens Fortenestemedalje i gull!

Ein annan som har gjort ein stor innsats for spelemannslaget er Henry Vike, som i alle år har arrangert det meste av musikken laget har spela, og han har også sjølv komponert musikk for laget. Også han har blitt tildelt Kongens fortenestemedalje, men han i sølv.

Nils H. Gjelsten har også komponert musikk til glede for laget. Lokal tradisjon er viktig, og laget har i alle år halde seg til den lokale slåttetradisjonen og slåttar komponert av lokale slåttekomponistar, mykje med tradisjon frå Tresfjord.

Mykje av dei lokale slåttane har blitt teke vare på grunna Dåm og Drag sitt arbeid, og ein skal ikkje sjå vekk frå at mykje hadde gått tapt utan. Laget spelte så tidleg som i 1993 inn CD med lokalt slåttemateriale. CDen heiter ”Sommernatten” og blei spelt inn i NRK sine lokale i Ålesund.

Det er ikkje berre folk i Møre og Romsdal som nyt denne CDen, for også Kong Harald V har CDen i samlinga si.

Dette er eit spelemannslag som i alle år har hevda seg under kappleikar og andre konkurransar.

– Ser ein på premielista vår, er det om lag berre 1. og 2. plassar i regionale tevlingar, men også gode resultat frå nasjonale tevlingar, fortel stolt styreleiar Petra Elin Christensen.

Året 1993 var eit av dei store åra for laget. I tillegg til CD-utgjeving deltok dei på Landsfestivalen i Stryn, og gjorde det sterkt under tevlinga. Med friskt og ungdommeleg spel braut dei ”Gudbrandsdaldominansen” og klatra heilt opp på ein 3.plass.  Også vidare utover 1990-talet har dei spela finale i mange av Landsfestivalane og kan vise til fleire 4. og 5. plassar.

Dette er første del av soga om Dåm og Drag. Andre delen vert publisert i morgon. FolkOrg og Folkemusikk.no stiller seg i rekkja av gratulantar!