Stranden har ein allsidig bakgrunn med doktorgrad i biologi og grunnutdanning i folkedans. Ho har erfaring frå internasjonal forsking, undervisning og utdanningskoordinering frå høgskule og universitet. Ho er folkedansutøvar og har nær kjennskap til organisasjonsmiljøa. 

Stranden kjem frå stillinga som undervisningsleiar i folkedans ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret). Ved tilsettinga har styret lagt vekt på denne samansette bakgrunnen og meiner at den kan sikre ei vidareføring av arbeidet ved sentret samstundes som den opnar for fleire tverrfaglege tilnærmingar i arbeidet med folkemusikk og folkedans.

Stranden er audmjuk i høve til at ho tek over etter Bakka: 
- Det blir viktig å ivareta, bruke og auke dei største samlingane av folkedans og folkemusikk i Noreg.

Stranden ønskjer å styrke formidlinga av den høge aktiviteten ved sentret. Den immaterielle kulturarven i arkivet blir brukt aktivt i forsking og formidling nasjonalt og internasjonalt, m.a. i Bygda Dansar og kunstnarleg utviklingsarbeid. Ho meiner det tette samarbeidet med NTNU om undervisning i folkedans er viktig for profesjonalisering av feltet. Vidare trekk ho fram dei frivillige organisasjonane som sentrale samarbeidspartar i arbeidet med å fremje, verne og vidareføre mangfaldet innan musikk- og dansetradisjonane.

Stranden startar i stillinga 1. september.
 

Om RFF
Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans har som føremål å fremje, verne og føre vidare norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar som eit uttrykk for kulturell identitet og som berar av særeigne kvalitetar. Stiftinga omfattar eit utoverretta, samordnande organ, Rådet, og eit utøvande organ, Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret). Rff-sentret held til i Trondheim og har arkivdrift, undervisning og forsking som sentrale arbeidsområde.