Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Manheim, Hæge

manheim

Hæge Manheim er vaksen opp i ein spelemannsfamilie.

Ho er dotter av spelemannen Magne Manheim., barnebarn av Harald Manheim og Henrik Gjellesvik. Sidan 1987 har Hæge arbeidd som skodespelar ved sida av at ho har vore aktiv som kvedar og dansar med fleire kappleik-sigrar bak seg. Kvedinga har ho lært av Bjarne Øvrebø, og ho har vore nytta i bryllaup, gravferder og i teatersamanheng. Hæge ynskjer å kombinere teater- og folkemusikk-røynsla. Vann A-klasse hardingfele dans på landskappleiken i 1996 og 2002. Har dei siste 4 åra undervist i sceneformidling ved folkemusikkstudiet på Rauland. Eksamen Norsk folkeleg dans, NTNU/Folkekulturforbundet 2005. Kursinstruktør i dans og domar i dans og kveding.

Folkemusikkrelaterte konsert/teaterreferansar 2005: "Bondeopprøret 1540" av Tor Arne Ursin (Sogelandet) "Det var Guro upp i dalen" av Jørund/Sigurd Telnes (Landstadinstituttet/Seljord Kommune/Sogelandet) "Presten Landstad og Jomfru Crøger" av Edvard Hoem (Landstadinstituttet/Seljord Kyrkje/Sogelandet) "Markenskonsert" m/Hill Romtveit, Trygve Vågen, Knut Loftsgarden, Hæge Manheim (Kongsbergmarken) 2004: "Den som rulla' ette' golve' " -turné 2003: "Den som rulla' ette' golve' " - bestillingsverk for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival m/Martin Myhr "Hardingfela" - NRK 1 2002: "Labyrinten" av Olav Mosdøl (Seljordspelet) 2001: "Labyrinten" - '' - "Olea Crøger i ord og tonar" av Hæge Manheim (Telemarkkonsertar) 2000: "Tårån i Tråppin" av Sigurd Nes/Torkjell Haugerud (Telemarkkonsertar) 1995: "Trollets hjerte av Veslemøy Haslund (Teater Ibsen) "Ole Bull og Myllarguten av Ketil Bjørnstad (Teater Ibsen)


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk