FolkOrg lyt no starta ei ny intens jobbing med å finna ein arrangør, og me ber folk ute i miljøet om å koma med gode råd og tips. Kanskje akkurat ditt medlemslag har tenkt på å arrangera Landskappleik?
Dialogen med einaste søkjar til Landsfestivalen 2014 ( Stiftinga Hilmar Alexandersen i Steinkjer) har starta i høve til om dei kan ta på seg eit dobbeltarrangement liknande Geilo i 2010 dersom ein ikkje finn arrangørlag til Landskappleiken.
«Både Landskappleiken og Landsfestivalen har stått godt som eigne arrangement dei siste åra, både i høve økonomi, deltaking og reint arrangementsteknisk. Fleirtalet av tilbakemeldingane som FolkOrg har fått dei siste åra går på at medlemmene våre ynskjer to arrangement, og at ein skal reindyrke profilen til arrangementa. Dette vert no mellom anna gjort i ei revidering av tevlingsreglementet. Me ynskjer både Landskappleik og Landsfestival, men dersom ingen vil arrangera Landskappleiken i 2014 så lyt ein sjå på andre løysingar» seier styreleiar i FolkOrg; Per Øyvind Tveiten.
Ta kontakt med FolkOrg v/Rannveig Djønne, tlf.nr. 47291012/22005693