Ein gjennomgang av medlemslag i FolkOrg som har registrert seg i Grasrotandelen viser at nokre lag har gjort ein god jobb med å få folk til å registrere seg. Flest tipparar ser det ut til å vera i Heidal, der laget har 39 registrerte spelarar og har fått inn 19134,- sidan ordninga starta i 2009. Grasrotordninga er ein del av Norsk tipping si verksemd, og fungerer slik at 5% av innsatsen til dei som tippar går uavkorta til eit lag tipparen sjølv har plukka ut – laget må sjølvsagt ha registrert seg først. Det smarte er at dette ikkje avkortar innsatsen til tipparen, som altså ikkje tapar pengar på å registrere seg som grasrotgjevar. Tippar du av og til i Norsk tipping og ønskjer å registrere deg som grasrotgjevar tek du med laget sitt organisasjonsnummeret til kommisjonæren. Han vil då raskt og enkelt registrere deg, og du slepp gjera dette neste gong du leverer inn kupongen. Du kan også skrive ut ein strekkode frå www.grasrotandelen.no som du kan ta med. Du må då først leite opp laget ditt på nettsidene til grasrotandelen. Iflg. Norsk tipping er det framleis berre ein liten del av norske tipparar som har registrert seg, potensialet for inntektar til laget er difor store. For laga er det viktig å registrere seg, og å sende ut informasjon og ei oppmoding til medlemmene om å gje grasrotandelen sin til laget. Både lag som ønskjer å registrere seg og tipparar kan lesa meir på www.grasrotandelen.no. Andre lag som har gjort det bra som Grasrotgjevarar er: Indre Sunnfjord spel. og dansarlag: 13 tipparar og 18110,- Oppdal spel- og dansarlag: 33 tipparar og 18064,-
Mange lag får inn gode pengar
Grasrotandelen: