Majorstuen vart plukka ut til å spele på festivalen etter at festivaldirektøren på Ollin Kan høyrte gruppa spele på Womex i 2007.
Majorstuen består av Jorun Marie Kvernberg (fele), Synnøve S. Bjørset (fele og bratsj), Tove Dalbakk (fele og cello), Andreas Ljones (fele og bratsj) og Gjermund Larsen (fele og cello). Medlemmane kom saman under studier ved Norges Musikkhøgskole, og viste seg for fyrste gong fram for publikum i open klasse på Landskappleiken i 2002. Gruppa tok sigeren i klassa. Majorstuen er eit av få norske folkemusikkband som har iscenesatt seg sjølv fullt ut. Musikken er akustisk, perfeksjonert og sjølvsikker. Deira musikalske utgangspunkt er tradisjonsmusikken frå kvar av medlemmane si heimtrakt. På dei to siste platene har dei også skrive egne låtar. Mottakinga hos publikum og presse har vore overveldande positiv, og Majorstuen framstår i dag som ei av dei viktigaste folkemusikkgruppene i Noreg. Gruppa har omfattande turneverksemd bak seg verda over, og har spela på mange av de store festivalane i Noreg. Debutplata "Majorstuen" vann Spellemannprisen 2003, og deira andre plate "Jorun Jogga" vart nominert til Folkelarmprisen 2005. I 2006 kom deira tredje plate "Juledrøm" ut, og denne vart nominert til Spellemannprisen 2006. Majorstuen vann Rikskonsertenes lanseringsprogram INTRO-folk, og vart kåra til årets folkemusikarar 2005.
Hausten 2007 spela dei som første norske gruppe offisiell showcase på den store verdensmusikkmessa Womex , og haldt fleire konsertar i Europa i 2007 og 2008. Majorstuen jobbar no fram mot sitt 10-års jubileum i 2010 der både ny plate og jubileumsførestilling er blant godbitane.