Førre veke kom meldinga om at regjeringa vil opprette regionale senter for folkemusikk og folkedans. Dei to sentra som er lova løyvingar er Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans i Steinkjer og Folkemusikk Nord. Løyvinga for kvart senter er på kr. 800 000,- over statsbudsjettet 2014.

- Ei grunnfinansiering av folkemusikksentra på lik linje som jazzsentra har vore ei viktig sak for FolkOrg, og vi har jobba saman med folkemusikksentra for å få til dette. Folkemusikksentra kan fylle ei viktig rolle her med mellom anna hjelp til turnélegging i regionen, produksjon og kompetanseheving av arrangørane, fortel Linda Dyrnes dagleg leiar i FolkOrg, 

Hjå Stiftinga Hilmar Alexandersen i Steinkjer har dei klare planar for senteret. 

- Vi gler oss til å arbeide med folkedansarar og folkemusikarar i dei tre midtnorske fylka. Målet er å få sjangeren og musikarane til å utvikle seg vidare, og for publikum vil det bety fleire og betre konsertar i regionen, skriv dagleg leiar i Stiftinga Hilmar Alexandersen Johan Einar Bjerkem på heimesidene til Hilmarfestivalen. 

I Nord er dei svært nøgd med fast finansiering av Folkemusikk Nord. 

- Det har gått 19 år sidan den fyrste søknaden om eit folkemusikksenter i Målselv vart sendt, og no er støtta endeleg på plass. Tilskotet gjer at me kan sende ut fleire folkemusikkturnear i heile landsdelen, vi får vidareført den spennande dansesatsinga vi har starta med bl.a. Kartellet, og vi må gjere eit krafttak for rekruttering blant dei unge, seier ein nøgd leiar Terje Foshaug. 

Folkemusikk Nord er allereie etablert, mens Midt-Norsk senter for folkemusikk og folkedans vil starte arbeidet sitt ved årsskiftet. 

Auke til Førdefestivalen

I framlegget til statsbudsjett for 2014 har regjeringa også lagt inn ein auke på over ein million kroner til Førdefestivalen. Auken frå kulturdepartementet er på kr 1.091.000, og dette utløyser i sin tur auka løyvingar også frå fylkeskommune og kommune.
 
– Det viser at regjeringa ser verdien av arbeidet festivalen gjer som produsent og formidlar av norsk folkemusikk og verdsmusikk, og som kompetansesenter innan sitt område, skriv festivalen på sine heimesider. 

I følgje festivalen skal dei auka midlane først og fremst brukast til å lage endå betre konsert- og musikkopplevingar for publikum, og utvikle festivalen som ei positiv samfunnskraft.

Stønad til utdanning for hardingfelemakarar

Eit samla folkemusikkmiljø har i lengre tid arbeidd for etablering av ei utdanning for hardingfelemakarar, og no ser det ut til å bli ein realitet. Ole Bull-Akademiet no har fått stønad til å byrje ei bachelorutdanning i hardingfelemakarfaget. 

FolkOrg har vore i dialog med rektor på Oie Bull Akademiet Jo Asgeir Lie, som fortel at tilskotet er nok til å starte opp, men at det trengs meir for å få utdanninga fullfinansiert. Akademiet gjer alt dei kan for å starte opp frå hausten 2014, og skal no kalle inn alle hardingfelemakarane til møte for å få kostnadar og samarbeidsformer på plass. 

Om løyvingane vert ein realitet kjem an på valresultatet måndag kveld.