Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ljones, Andreas

Andreas+Ljones

Allsidig musikar og komponist, født i Bergen i 1978, busett i Oslo.

Andreas Ljones er ein av dei mange unge tonekunstnarane som har den tradisjonelle folkemusikken i botn og som går nye vegar. Med utgangspunkt i slåttemusikk frå Gudbrandsdalen har han utvikla seg gjennom arbeid i fleire sjangrar til å bli ein eksperimentell musikar innan fleire genrar. Frå han var fem til atten år var det tradisjonelt slåttespel som gjaldt. Av læremeistrar nemner han spelemenn som Knut Kjøk, Amund Bjørgen, Tore Rødølen og Rolv Brimi. Det fyrste store oppdraget hadde han i opningsseremonien til OL på Lillehammer i 1994. Sidan har Andreas utdanna seg ved Norges Musikkhøgskole, der han fyrst tok Kandidatstudiet under professor Sven Nyhus og sidan vart den fyrste som tok Diplomstudiet med hardingfele som hovudinstrument i 2004. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger i fleire klasser og har i tre av dei siste fire åra vore i finalespelet i A-klassa på vanleg fele. Andreas Ljones er aktiv i mange ulike musikalske konstellasjonar. I 2000 var han med å starta gruppa Majorstuen som består av seks unge folkemusikarar frå ulike delar av landet. Dei fekk Spelemannsprisen i 2003 for CD-en Majorstuen, vann Intro-folk i 2005 og var i 2007 fyrste norske folkemusikkgruppe med offisiell showcase på verdsmusikkmessa WOMEX. Andreas er frontfigur i ALB (Andreas Ljones Band), som gav ut CD-en Lupus Island i 2006. Han spelar i Camilla Branlien Band og er musikar og komponist i dansekompaniet Frikar. Han har skrive musikk for film, teater og dans, vore festivalkomponist på Vinterfestspill i Bergstaden og Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival og har laga bestillingsverk for m.a Jørn Hilmestemnet og Kalottspel.
 

Diskografi

Majorstuen - (med Majorstuen, 2L, 2003)
Jorun jogga (med Majorstuen, MFC, 2004)
Juledrøm (med Majorstuen, MFC, 2006)
Lupus Island (med Andreas Ljones Band, Grappa, 2006)
 

Medverkande på andre plater

Luring (med Odd Nordstoga, Universal 2005)
Gudene vet (med Ola Bremnes, 2006)
Jarnnetter (med Camilla Granlien Band, Talik 2007)
 

Prisar


Spelemannsprisen med gruppa Majorstuen (2003)

Majorstuen blei kåra til ”Årets unge folkemusikarar” av Intro-folk (2005)

| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk