Gjennom tre år har ungdomane i Bygda dansar i Buskerud arbeidd med lokale danseformer. Etter timar på dansegolvet, er det endeleg klart for å ta steget opp på scena i det som kan kallast folkemusikken sitt svar på ein musikal.
Historia vert formidla gjennom dans, song og skodespel, og i dei 50 minuttane stykket varer, får publikum oppleve nokre av landet sine fremste unge folkemusikkutøvarar.
Liti Kjersti er historia om ein smed som lovar bort dotter si til Bergekongen i byte mot overnaturlege evner for å halde opp ryktet sitt som velgjeten smed. Det er også historia om dottera sin kamp mot indre uro og sakn, kjærleiken si kraft og musikken si evne til å hjelpe menneske.
Stykket byggjer på den naturmytiske balladen om Liti Kjersti og Hulda Garborg sitt syngespel frå 1919. Bygda dansar sin versjon er omskriven av Eldgrim Springgard, og sett i regi av Leif Stinnerbom. På scena står 26 ungdomar i alderen 16-22 år.
Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt for ungdom i alderen 16-19 år. Det er administrert av Rff-sentret, Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis, og går over tre år.
I Buskerud har prosjektet heitt Danseru’. Oppsettingen av "Liti Kjersti" er Danseru’ sin siste framsyning - og med dette blir prosjektet offisielt avslutta. Danseru´ har også vore på fleire turar i inn-og utland, og på skoleturne i dei vidaregåande skulane i fylket.
Rikscenen i Oslo, søndag 15. april, kl.17:
Med danseensemblet Danseru’
- Regi: Leif Stinnerbom
- Koreografi: Jimmy Meurling
- Manus: Eldgrim Springgard
- Musikkansvarlig: Arne Moslåtten og Gunnlaug Lien Myhr
- Kostymer: Inger Hallstrøm Stinnerbom
- Danseansvarlig: Martin Myhr og Gro Marie Svidal
- Produsent: Gro Marie Svidal
Billettar til premieren kan tingast på Riksscenen sine nettsider, eller kjøpast i døra. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet og Buskerud Fylkeskommune. Bygda danser arbeider også tett saman med lokallag i NU og FolkOrg. Heimesida til Bygda dansar finn du her.