FolkOrg har ledig vikariat som rådgjevar med ansvar for kappleikar (80 % stilling)

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans har som sitt fremste føremål å arbeide for  folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Som kulturpolitisk interesseorganisasjon har vi eit breitt arbeidsfelt som spenner frå aktive lokale spel- og danselag, til fremjing av norsk folkemusikk både heime og ute.

Den tilsette vil få ansvar for FolkOrg sine oppgåver i samband med dei to store årlege arrangementa Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Landskappleiken. I tillegg vil det i stillinga liggje eit ansvar for rådgjeving for lokale og regionale kappleikar.

Vi søkjer etter ein omgjengeleg og initiativrik person med interesse for og kjennskap til norsk folkemusikk.

Logo FolkOrg_ny

Vi søkjer følgjande kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, fortrinnsvis innan kulturfag/ samfunnsfag/ informasjon. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet til utdanning.
  • Prosjektleiarkompetanse og evne til sjølvstendig arbeid
  • God kjennskap til folkemusikk- og folkedansområdet er ein føresetnad
  • Kjennskap til og erfaring frå kappleikar er ei føremon. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål

Personlege eigenskapar:

  • Gode kontaktskapande eigenskapar og evne til samarbeid
  • Sjølvgåande, initiativrik og strukturert.
  • Omgjengeleg person med evner til strategisk og administrativt arbeid


Vikariatet er i utgangspunktet 1 år frå midten av august. 

Arbeidsstad er i kontorlokale i Schouskvartalet, sentralt i Oslo. Løn etter avtale.

For meir informasjon om organisasjonen, sjå www.folkemusikk.no. For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Linda Dyrnes på telefon 22 00 56 94/ 481 05 75, eller e-post: linda@folkemusikk.no eller rådgjevar Rannveig Djønne på telefon 47291012, eller e-post: rannveig@folkemusikk.no

Send søknad med CV til: post@folkemusikk.no 

Søknadsfrist er onsdag 23. april.