Annlaug Børsheim, som slapp plata ”November” i mars 2010, har god grunn til å vere nøgd om dagen. Fram mot platesleppet av ”November” i Storbritannia vil det no vere eit profesjonelt apparat som jobbar opp mot presse, radio og TV for henne.
- Dette er ein avtale som heng svært høgt, og som til no har vore gjeldande for eit fåtal britiske folkemusikarar, seier Annlaug Børsheim sjølv.
Annlaug Børsheim kjem frå Ulvik, og er songar, felespelar, gitarist og låtskrivar. Ho syng på norsk, men debutplata vart spelt inn i Castlesound Studio utanfor Edinburgh med i hovudsak skotske og engelske musikarar. Albumet har Mattie Foulds som produsent, og speglar Børsheims solide bakgrunn innan norsk folkemusikk, men samstundes hennar sterke tilknytning til pop/rock og britisk folkemusikk. Her heime har ho spela saman med m.a. Rannveig Djønne.
”November”, som kom ut på artistens eige selskap Fivreld, har etter kvart fått fleire gode meldingar. ”Det hela är mycket skickligt gjort och Annlaug har verkligen hittat en känsla som hon förmedlar med en sällan överträffad musikalisk effektivitet”, skreiv svenske Lira Musikmagasin.
Hamar Arbeiderblad meinte at ”November ” var ”vakker og sterk, med dybde og inderlighet”, medan Bergens Tidende skreiv om ein ”debutant med sterk identitet”.
Lanseringa i Storbritannia vil vere viktig i Annlaugs vidare satsing opp mot utlandet, og då særskilt mot den britiske marknaden for seinare turnear og konsertverksemd.
– Eg er svært glad for å ha fått i stand denne avtalen og for at dei er villige til å satsa på meg. Det beste er at dette handlar om musikken, og ikkje at nokon har stått i gangen og prata for meg, seier ho i ferskt intervju med Avisa Hordaland.
Her heime er ho aktuell med solokonsert under årets Vossajazz sundag 17.april. Så blir det fleire konsertar i samband med platesleppet i Storbritannia. Coda skal også jobbe opp mot turnear og festivalar.
Interesserte finn MySpace-sida til Annlaug Børsheim her. Du finn meir om programmet til Vossajazz 2011, om du går vidare til denne sida.