– Styret i FolkOrg er særs nøgde med å kunne tildele Valdres Folkemusikkarrangement AS (VFAS) Landskappleiken for 2015. Dette vert ei minneverdig kappleiksveke i Valdres, seier kappleiksansvarleg i FolkOrg, Rannveig Djønne. 

Tidlegare har det vore Landskappleik på Fagernes i 1957, 1978, 1992 og på Beitostølen i 2006. Det har også vore Landsfestival eit par gonger i Valdres. Jørn Hilme-stemnet har vore arrangert sidan 1960, og er av dei største folkemusikkarrangementa i landet.

Foto: Runhild Heggem
Foto: Runhild Heggem

Utfyllar kvarandre

Til vanleg er Landskappleiken siste veka i juni, men i 2015 kjem arrangementet til å gå parallelt med Jørn Hilme-stemnet i dagane 22.–26. juli. Dette vart løysinga mellom anna på grunn av at det ikkje var nokre andre søkjarar til Landskappleiken 2015.

– Planen er at det vert tradisjonell Landskappleik på dagtid, og at Jørn Hilme-stemnet tek ansvar for kveldsarrangementa med dans og konsertar. Ei viss overlapping mellom kappleik og festival må det sjølvsagt bli, men alt i alt meiner vi at dei utfyllar kvarandre fint fortel styreleiar i VFAS Eli Marit Fuglesteg. 

Ho fortel vidare at det nok vert nokre utfordringar med å ha to av dei største folkemusikkarrangementa i Noreg dei same dagane, men at fordelen er at deler av arrangementet alt er på plass.

Tusenvis av tilreisande til Fagernes

Under Landskappleiken er det normalt behov for 500 dugnadsarbeidarar, og ein treng nok endå fleire på Fagernes i 2015.
 
– Vi leitar no etter leiarar i hovudnemnda og andre friviljuge, og oppmodar folk om å stilla opp slik at kring 3000 tilreisande får sjå Valdres frå sitt beste, seier Fuglesteg.
 
Ei nøktern berekning syner at arrangementet vil gje kring 8000 gjestedøgn og ein omsetnad for Fagernes og nabobygdene på minst 11,2 millionar kroner.

Utekonsert på Jaslangen. Foto: Knut Utler.
Utekonsert på Jaslangen. Foto: Knut Utler.

Flotte arenaer

Jørn Hilme-stemnet har lang erfaring med å arrangere kveldsarrangement på det unike området til Valdres Folkemuseum og reklamerer årvisst med «tusen» dansegolv. Kveldsarrangement for Landskappleiken på Valdres Folkemuseum blir garantert ei fantastisk oppleving for heile folkemusikkmiljøet. På dagtid vil det vera tevlingar i Valdreshallen og det nærliggande skuleområdet som kjem til å utgjera eit kompakt festivalområde.

Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) er heileigd av regionlaget Valdres folkemusikklag og arrangerer i dag Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet. VFAS  søkte om å arrangera Landskappleik på vegne av Valdres folkemusikklag og lokallaga i Valdres.

Arrangementet er planlagt marknadsført felles under namnet «Landskappleiken og Hilme 2015».